Våre bankkort
-
Bankkort
Visa Classic bankkortet fungerer fint til dagleg bruk i butikk og til å ta ut pengar i minibank. Det er ofte dette korta som er knytt opp mot brukskontoen din.
- For dei over 18 år
- Bankkortet er kontaktløst
- Open for netthandel
-
Bankkort for ungdom
Med eit Visa Online kort for ungdom kan du ta ut pengar i minibanken og betala i butikkar som har direkte kontakt med banken. På den måten har du alltid kontroll på at du har dekning på konto før kortet vert belasta. Fungerer i dei fleste butikkar og minibankar i Noreg og utlandet.
- For ungdom mellom 13 og 18 år
- Kortet er kontaktløst
- Open for netthandel, men kan verta sperra
Ynskjer du å bestilla bankkort for ungdom ta gjerne kontakt med oss i banken eller med din rådgivar hos oss.
-
Bankkort for barn
Visa bankkort for barn fungerer nesten som eit vanleg bankkort. Korta kan brukast i minibank og butikk og har uttaks- og kjøpsgrense (sjå prisliste). Barna lærer sunt kortvett frå tidleg alder. Barna treng ikkje å ha kontroll på kontantar.
- For barn under 13 år
- Kortet er kontaktlaust, og ein må nytte PIN-kode når beløpet er over 500 kroner
- Sperra for netthandel
Ynskjer du å bestilla bankkort for barn ta gjerne kontakt med oss i banken eller direkte med din rådgivar hos oss.