Ofte stilte spørsmål
-
Kva er eit lånebevis?
Med eit lånebevis er du klår når drømmebilen dukkar opp. Du har kanskje ikkje avgjort hva slags bil du ynskjer endå, då er det greitt å skaffa seg eit lånebevis som seier kor mye du kan låna. Lånebeviset er heilt uforpliktende og kan gjerast om til lån i løpet av tre månader. Dette føreset at vi godkjenner bilen.
Lånebeviset inneheld lånesum og eit oversyn over avtalt nedbetalingstid og eventuell egenkapital du må stilla med. Du vil òg sjå kor mye lånet kostar deg i månaden.
Eit slikt bevis er ei trygd både for deg og for seljar som ser at du er i stand til å finansiera bilen. -
Kva kan eg bli bedt om å sende inn for å bekrefte lønn og gjeld eg har lagt inn?Saksbehandlar kan be om lønnsdokumentasjon og sjølvmelding. Dette blir bekrefter du ved lønnslippar og/eller arbeidskontrakt.
-
Kan eg sende inn fleire søknader?Ja, du kan sende inn fleire søknader. Men med innvilga lån blir tilgjengeleg kreditt redusert. Det er like greitt å kontakte oss når det gjeld endringa.
-
Kor lang er svartida på søknaden?Du får melding med ein gong dersom søknaden om billån/lånebevis blir innvilga eller avslått. Dersom søknaden din blir send til manuell behandling vil du få svar innan én arbeidsdag.
-
Kor lenge gjeld innvilga søknader og finansieringbevis?Søknader som er innvilga, er gyldige i 30 dagar. Etter dette blir søknaden sletta, og du må søkje på nytt. Finansieringbevis er gyldig i 3 månader. Det kostar ingenting å ha innvilga eit finansieringbevis. Når tidsfristen har stoppa, kan ein berre leggje inn ein ny søknad.
-
Kva er eit Grønt billån?Vi tilbyr Grønt billån med gunstigare rente og lågare etableringsgebyr. Vårt grøne billån vil vere tilgjengeleg for deg som kjøper utslippsfri bil.
-
Kan eg låne pengar til å kjøpe bil av nokon som bur på same adresse som meg eller av ein ektefelle?
Dette kan vi dessverre ikkje finansiere. I slike tilfelle er det fare for at salspanten ikkje er gyldig.
-
Kva er maksimal løpetid eg kan ha på lånet?Maksimal løpetid er 10 år. Nedbetalingstid bør vere i takt med verdifallet på bilen.
Bruktbil kan ved utløpsdatoen for lånet ikkje vere eldre enn 14 år. Det vil seie at under gitte kredittkriterium kan ikkje objektet vere eldre enn 14 år når lånet skal vere nedbetalt. F.eks: Er objektet 5 år gammalt, kan maksimal løpetid på lånet vere 9 år (5+9=14). -
Korleis skal eg føre opp gjeld når eg søkjer med medlånetakar?Ein skal berre setje inn sin del av den totale gjelda på kvar lånetakar. Det vil seie at dersom hovudlånetakar og medlånetakar har 4 millionar i total gjeld på husstanden, skal det førast opp 2 millionar i gjeld på kvar lånetakar, eller ettersom korleis dei fordeler gjelda. Ein skal ikkje føre opp den totale gjelda på begge to.
-
Korleis veit eg at søknaden har blitt innvilga?Ved nettsøknad vil du få svar på e-post og SMS om at lånet har blitt innvilga og vidare instruksar på prosess framover til utbetaling av lån.
-
Kva gjer eg dersom eg vil gjere ei endring på søknaden?Ring Eika Kredittbank (Tlf: 915 06270) for å gi beskjed om endringa. Alternativt kan du leggje inn ein ny søknad, men det er då greitt å gi beskjed til Eika Kredittbank om at du vil ha den førre søknaden annullert. Alternativt kan du skrive ein e-post til: billaan@eika.no
-
Kva er adressa til Eika Kredittbank?Eika Kredittbank AS
Postboks 2349 Solli
0201 Oslo -
Kva gjer eg når eg har funne objektet eg skal kjøpe, etter å ha fått eit lånebevis?Du må då sende inn registreringsnummeret på objektet du vil kjøpe anten på telefon eller e-post.
Eika Kredittbank AS tek atterhald om rett til å godkjenne objekt og pris. Registreringsnummeret på objektet du skal kjøpe må vere oppgitt før du kan signere gjeldsbrevet.
Og det er veldig viktig at du signerer gjeldsbrev med salspant før du overtek objektet. -
Kva gjer eg for å auke sjansen for å få innvilga lån?To faktorar som kan ha stor innverknad på avgjerda, er eigenkapital og nedbetalingstid. Ein høgare eigenkapital og/eller kortare nedbetalingstid aukar sjansen for å få innvilga søknaden din.
-
Kva blir utbetalt?Lånebeløpet eksklusive etablering og tinglysing.
-
Kan eg overta objektet før eg har signert gjeldsbrevet?Nei, det er veldig viktig at gjeldsbrevet er signert før ein overtek objektet. Får ein bilen før gjeldsbrevet er signert, blir ikkje lånet utbetalt. Dette går på krav i lovverket om samtidig betaling og leveranse.
-
Er det mogeleg å overføre lån frå éin finansieringsinstitusjon til éin annan?Nei det går ikkje an å overføre eit lån der pant er signert og lån utbetalt. Dette fordi finansiering med pant i bilen berre kan bli gitt på kjøpstidspunktet. Etter det fell kravet om samtidig betaling og leveranse bort.
-
Kven kan lånet bli utbetalt til?Lånet kan berre bli utbetalt direkte til seljar av objektet.
-
Når blir lånet overført til seljar av bilen?Lånet blir utbetalt til seljar når dokumenta er signerte og vi har fått kjøpekontrakt og førebels vognkort. Eika Kredittbank AS kan bekrefte til seljar av objektet at lånet blir utbetalt med atterhald om at enkelte dokument blir sende inn.
-
Når er forfallsdato på lånet og kan dette endrast dersom det er ønskjeleg?Forfallsdato er opphavleg den datoen kontrakten blir fastsett, men kan også endrast til ei annan ønskt dato.
-
Kan ein betene lånet med AvtaleGiro eller eFaktura?Ein kan setje opp AvtaleGiro og eFaktura på lånet i nettbanken.
-
Kan lånerenten endrast?Lånet er eit annuitetslån med flytande rente. Renta følgjer utviklinga i marknadsrenta i heile låneperioden, og kan dermed justerast opp eller ned.
-
Kor mykje er avslutningsgebyret på lånet?Det er ikkje noko avslutningsgebyr.
-
Er det mogeleg å få overhopp på lånet?Det er dessverre ikkje høve til å få betalingsfri månad på lånet.