Hopp til innholdet
Mann og dame med ski på ryggen
Klar for pudder og smil? Med ei reiseforsikring i sekken er du dekt viss uhellet er ute.
Tips- og rad

4 gode råd til vinterferien

Skal du til fjells, utlandet eller berre ein tur på butikken? Sjekk desse tipsa før du låser døra.

Kva skal du i vinterferien? Skal du ein tur på hytta, på oppdagingsferd i nærområdet eller rett og slett berre nyte rolige dagar heime?

Uansett kva planar du har, kan dette vere lurt å hugse på:

1. Hugs reiseforsikringa

Vår heilårs reiseforsikring er ei ferie- og fritidsforsikring som gjeld så snart du forlèt portstolpen heime, og ulykkesdekninga gjeld heile døgnet rundt, også heime.

Forsikringa er like god å ha om du berre skal på ein liten tur her til lands, eller dra til fjernare strok.

Skal du utanlands, bør du samtidig ta med deg reiseforsikringskortet i veska. Det er beviset du treng for at du er forsikra viss uhellet er ute og du ender på sjukehus. Der står også telefonnummeret til alarmsentralen til SOS International – som du skal ringe om noko skjer.

Du kan hente beviset ditt når du loggar inn hos oss.

2. Sjekk kva reiseforsikringa di dekkjer

Det er alltid lurt å ta en ekstra gjennomgang av kva reiseforsikringa dekkjer (og ikkje dekkjer).

Skal du gjere noko actionfylt, som ein off-pist skitur til alpane, bør du vurdere å oppgradere den til Reise Pluss.

3. Pakk bilen trygt og køyr etter forholda

Vinterferien er ein populær utfartstid og det kan vere mykje trafikk på vegane.

Sørg for at du pakkar bagasjerommet og takboksen så sikkert og forsvarleg som mogleg. Dei tyngste tinga bør stå heilt innerst mot seteryggen baki og dei lette tinga ytst. Prøv å ikkje pakke høgare enn seteryggen. Lause gjenstandar sikrar du med tau, stropp eller nett. Pass på at takboksen ikkje blir for tung (sjekk vognkortet om du er usikker).

Og når du først er ute på vegen, så hugs å vise omsyn i trafikken. Ta pausar viss du skal køyre langt.

4. Meld skade hvis uhellet er ute

Du kan enkelt melde skade på nettsidene våre eller ved å kontakte oss på telefon 915 03 850.

Har du ikkje ei reiseforsikring hos oss enno, kan du samanlikne vilkår og kjøpe den her.

Vi ønskjer deg og dine ein riktig god vinterferie!

Visste du at?

I vintersesongen 2018/2019 behandla SOS International meir enn 1700 skirelaterte skadesaker for reisande frå Noreg, Danmark, Sverige og Finland.

Blant skadene var over 29 prosent relatert til kneleddet. Elles var legg, ankel, fot, skulder og overarm blant dei hyppigaste skadene.