Det kan bli eit stort behov for private bustader for å busetje ukrainske flyktningar i Noreg, og dei første flyktningane er allereie på plass, fortel Kjetil Røhne-Hagen i Eika Forsikring.

Utvidinga vil gjelde innbuet til ukrainske flyktningar busett i norske private heimar. Dei vil reknast som ein del av husstanden, og bli behandla på lik linje som andre husstandsmedlem. Utvida dekning vil også gjelde for hybel eller leilegheit i bustaden, fritidsbustad eller sekundærbustad som er eigd av kundar med innbuforsikring hjå oss.

- Me håpar at dette kan gje noko tryggleik for dei som kjem til Noreg, samt dei som opnar heimen sin. 

Førebels lengd på ordninga vil vere ut 2022, avsluttar Røhne-Hagen.