-
Kva er innbu?
Innbu er ting du eig og brukar heime, og som du ofte tek med deg når du flyttar. Ting som står lagra i kjellar, loft og garasje blir òg rekna som innbu.
-
Kor mykje bør eg ha i innbuforsikring?
Det kan vera vanskeleg å setja ein verdi på heile innbuet, og ofte er det meir enn ein trur. Finans Norge har difor laga ein innbukalkulator som kan vera til hjelp. Du kan rekne ut innbusummen din her.
-
Gjeld innbuforsikringa eg har heime på hytta også?
Nei, på hytta må du ha ei eiga innbuforsikring.
-
Gjeld innbuforsikringa for bunaden min?
Ja, innbuforsikringa dekkjer bunaden, men når du brukar han utanfor bustaden er han ofte ikkje godt nok forsikra. Viss du har ein dyr bunad rår vi deg til å kjøpa ei eiga verdisakforsikring som gjeld uansett kvar du er og i heile verda.