Generelt er nordmenn flinke til å førebu bustaden på sommarfråværet. Likevel kan det vere lurt å gjere nokre enkle grep før du reiser, slik at huset ikkje blir ei stor freisting for innbrotstjuvar.
Desse førebuingane bør du gjere før du reiser bort:
- Få nokon til å tømme postkassa mens du er borte.
- Lås, sett på alarm og la heimen sjå bebodd ut, både inne og ute.
- Skur av hovudstoppekrana.
- Installer alarm med utrykking - alarm gjer tjuvane dårleg tid!
- Spør naboen om hjelp med post og søppel mens du er borte.
- Be postkontoret og avisa om å stoppe levering når du er bortreist.
- Monter tidsbrytar til lyset inne og ute.
- Har du fasttelefon kan denne viderekoplast til mobilen eller feriestaden.
- Sjekk at dører og vindauge er forsvarleg lukka og låst når du forlèt huset.
- Forsikringsgodkjente (FG-godkjent) låsar er ei god investering.
- Fysiske hindringar gjer at tjuvane lagar meir støy.
- Pass ekstra på vindauge og dører som ligg skjult for naboar og forbipasserende.
God sommar!