Bilen din treng ein skikkeleg vask både utvendig, innvendig og under. Det kan også vera hensiktsmessig å ta ein sjekk rundt heile bilen når du fyrst er i gang.

Utvendig vask
Salt, snø, skit og asfalt har slitt på bilen din gjennom vinteren. Ein rein bil varer lenger. Sørg for ein skikkeleg grundig vask. Deretter kan du polera bilen. Ver obs på at bilen er heilt rein før du byrjar poleringa. Til slutt kan det vera lurt å leggje på ein lakkforseglar, så varer poleringa lenger. Det vernar bilen samtidig som den blir lettare å halda rein framover.

Innvendig vask
Det er mykje trivelegare å køyra ein rein og ryddig bil. Men det aller viktigaste er at du har reine og blanke vindauge som gir deg god sikt.

Sørg også for å vaske dashbord og andre innvendige detaljar når du fyrst er i gong. Det kan også vera nyttig å støvsuga seter og golv.

Spyling under bilen
Understell, bremser og hjuloppheng er særs utsett i laupet av ein norsk vinter. Vel vask med underspyling dersom du vaskar bilen i automat. Du kan også gjera jobben med høgtrykksspylar i vaskehall eller heime. Ver nøye med å spyla hjula på innsida. Rust i bremsesystemet er nemleg ein av dei hyppigaste feila på EU-kontrollen.

Ein sjekk rundt heile bilen
Når du fyrst er i gang med vårklargjeringa av bilen din, kan det vera lurt å sjekka litt ekstra etter dette:

  • Mønsterdjupna og lufttrykk på dekka: På sommardekk er kravet minst 1,6 mm, men NAF anbefaler minimum 3 mm.
  • Oljenivå: Er det naudsynt med eit oljeskift? Ta kontakt med bilverkstaden din. Sjekk også når neste service for bilen din er i same slengen.
  • Spylervæske: Fyll på dersom nødvendig.
  • Vindaugsviskarar: Vask dei med papir eller ein klut slik at du får fjerna trafikkfilm. Etter at vindaugsviskarane er reingjort, bør du prøva dei. Dannar det seg striper på frontruta når du har køyrt vindaugsviskarane? Skift dei.
  • Vask spegel: Reine spegel kan redda liv.

#tavarepå bilen din, og snakk med oss om bilforsikring.