-
Kva er trafikkforsikringsavgift?
Trafikkforsikringsavgift kjem i staden for det som tidlegare blei kalla Årsavgift for køyretøy. Avgifta skal betalast saman med forsikringa for køyretøyet ditt, uavhengig av kva for forsikringsselskap du har. Trafikkforsikringsavgifta går framleis fullt ut til staten, og gjeld per køyretøy.
-
Kor mykje må eg betala i trafikkforsikringsavgift?
Stortinget blir samde om beløp for trafikkforsikringsavgifta kvart år. For 2018 er avgifta 2865 kroner for bensinbilar og 0 kroner for elbilar.
-
Korleis skal avgifta betalast?
Du skal betala trafikkforsikringsavgift til staten saman med bilforsikringa. Betalar du forsikringa fordelt på månadlege beløp, skal du òg gjera det med trafikkforsikringsavgifta.
-
Kven må betala trafikkforsikringsavgift til staten?
Trafikkforsikringsavgifta gjeld alle køyretøy med tillaten totalvekt inntil 7500 kg som skal ha ansvarsforsikring.
-
Det står TFA to gongar i forsikringsprovet. Betalar eg TFA dobbelt opp?
Nei, TFA står nemnt 2 gongar i forsikringsprovet, men beløpet er lagt til berre éin gong.