Sjølv om du i teorien kan køyre med piggfrie vinterdekk heile sommaren, er ikkje dette nokon god idé. Vinterdekk er nemeleg laga av ein gummi som held seg mjuk på vinteren, noko som betyr at desse kan bli altfor mjuke på sommaren - og kan i verste fall gje farlege køyreegenskapar. Det er viktig å hugse på at det er sjåføren sitt ansvar å sørgje for at dekka har tilstrekkeleg med veigrep. Det kan derfor vere lurt å følgje med på vêr og føre der du er.

Når må du ta av piggdekka?
Fristen for å ta av piggdekka er normalt frå og med første måndag etter 2. påskedag, med unntak av Nordland, Troms og Finnmark kor datoane er frå og med 1. mai.
Grunna koronasituasjonen har Statens vegvesen forlengt denne fristen til ut april måned for 2021. Meir informasjon om dette finn du her.

For piggfrie dekk gjeld ikkje desse reglane. Krava om tilstrekkeleg veggrep veg tyngre enn fristane for når piggdekk kan nyttast. Det er du som fører av bilen som må vurdere om køyretøyet har tilstrekkeleg veggrep. 


Mønsterdjupn

Minimumskrav til mønsterdjupn på sommardekk er 1.6 millimeter, men ei mønsterdjupn på 3 millimeter er anbefalt. 

Skal du skifte dekk sjølv? 
Her finn du nokre tips til kva det er lurt å tenkje på.

  • Sjå til at bilen står på rett underlag og helst ikkje på laus grus. 
  • Sjå til at bilen står i gir og at handbrekket er på.
  • Ha ein god jekk og sørg for at denne er riktig plassert. Sjå bilen sitt instruksjonshefte.
  • Ikkje flytt deg under ein bil som berre står på jekk. 
  • Løys hjulmutrar/boltar før bilen blir jekka opp.
  • Sjekk mønsterdjupna på dekka. 
  • Sjå til at hjula blir plassert riktig i henhold til rulleretning. 
  • Stram til annakvar hjulmutter/bolt til alle er skrudd inntil. Ikkje stram for hardt, då kan du skade gjengar eller felg. 
  • Sjekk lufttrykket på dekka.
  • Etter noko tids køyring bør du etterkontrollere at hjulmutrar/boltar sit.

Kjelde: NAF, Statens Vegvesen