Før du byrjar
-
Kontakt brukarstaden/ nettbutikken/ butikken
Er du ueinig med brukarstaden/ butikken/ nettbutikken?
For reklamasjonssaker som omhandlar tvist, kor du ikkje er enig med butikken/ nettbutikken du har handla på, må du fyrst prøve å løyse problemet ved sjølv å kontakte brukarstaden. Det er eit krav at du har forsøkt å kontakte brukarstaden. Kontakt også brukarstaden dersom kortinformasjon er på avvege.
Dersom du ikkje kjem fram til ei løysing eller oppnår kontakt med brukarstaden kan du opprette ein reklamasjon.Nokre gonger er det eit krav at du har kopi av t.d. kvitteringar. Ytterlegare dokumentasjon kan styrke reklamasjonen din, men er ikkje alltid naudsynt.
-
Stole kort eller kortinformasjon på avvege?
Sperre kort gjer du ved hjelp av den døgnopne sperretenesta vår Stop24 før du registrerer reklamasjonen din: Ring +47 915 03850.
Informasjon om eventuell Politianmeldelse: Les meir her -
Dette treng du
BankID. Dette sikrar at personopplysningar og kortopplysningar blir handsama konfidensielt.
Eventuell tilleggsdokumentasjon som styrkjer reklamasjonssaka di.
Dersom du ikkje har BankID kan du levere eigenerklæringa og forklaringa di på papir. Ved val av årsak til reklamasjonen, lenger ned på sida, vel du "Reklamasjon utan BankID".