Det finst mange gode grunnar til kvifor det lønner seg å bruka kredittkortet vårt – at pengane dine er sikrare er berre éin av dei.

  1. Reiseopplevingar i verdsklasse 
    Noreg har utruleg mykje å by på og noko for kvar og ein smak. Er du usikker på kva du kan oppleva som turist i eige land tilrår vi at du tar ein titt på nettsidene til Visitnorway.no. Her finn du ei rekke gode tips til ein uforglemmelig norgesferie.

    Husk å booka hotellopphaldet med kredittkortet så er du trygg dersom noko skulle skje. Og ei god oversikt over ledige hotell til ein rimelig pris finn du hos Eika Hoteller.

  2. Reise- og avbestillingsforsikring er inkludert
    Visste du at dersom du betaler minst halvparten av reisa di med kredittkortet, får du reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet? Dette gjeld òg for reiser innanlands. Forsikringa dekker tapet ditt om du blir sjuk eller får stole frå verdisaker i ferien. Han gjeld òg ved forseinkingar i samband med flyreiser, sjølv når turen tar knapt ei times tid mellom Bergen og Oslo.

    Vi tilrår deg som skal bestilla nye reiser om å betala desse med kredittkortet frå oss, dette grunna den spesielle situasjonen flyselskap og reisearrangørar no er i. Booker du reisa med kredittkortet kan du sikra deg mot eventuelle tap som kan finnast grunna moglege konkursar eller uventa reiserestriksjonar.
    I tillegg er det viktig at du forheld deg til UDs gjeldande restriksjonar og reiseråd. I praksis betyr dette at dersom du vel å dra på ferie til eit land som UD rår mot reiser til, vil du ikkje vera dekt av reise- og avbestillingsforsikringen i kortet.


  3. Banken sine pengar – ikkje dine
    La oss innsjå det. Det hender at lommebøker blir borte og kort blir stole. Kjem kortet ditt i hendene til feil menneske, kan det fort bli tomt på kontoen. Har du brukt eit vanleg bankkort som er knytt til brukskontoen din, er det pengane dine som blir borte.

    Har du i staden betalt med kredittkortet ditt frå oss, er det på ein måte pengane våre som blir stole.

    Uansett kva du skal i sommar – ta vare på feriekosen! Planlegg reisa godt og nyt dagane med dei du er glad i!