Hopp til innholdet
Jente med kaffi i handa, som ser på mobilen sin.

Unngå svindel
  • Bli kjent med bankvettreglane
  • Del aldri opplysningar om din BankID
  • Spør oss om råd om det er noko du er usikker på

Bankvettreglane

Lær deg bankvettreglane og bli betre rusta mot svindel. Del aldri opplysningar om din BankID – sjølv ikkje til politi, myndigheiter eller til oss i banken.

  1. Dersom du blir kontakta og bedt om å oppgi din BankID er det svindel! Legg på og kontakt oss med ein gong.
  2. Legg på i tide dersom du er usikker på kven du snakkar med og meld frå til oss dersom du får ein mistenkeleg telefon.
  3. Det er ingen skam å snu – kontakt oss for å sjekke at det verkeleg er oss du har snakka med.
  4. Mange er usikre rundt dette med svindel. Spør oss om råd – vi er her for å hjelpe!
  5. Ver førebudd på at du kan bli kontakta av svindlarar, slik at du kan ta trygge val dersom det skjer.
  6. Ring oss med ein gong dersom uhellet er ute!

Spørsmål og svar om svindelmetodar

Blir du ringt opp av banken og bedt om å oppgi kodene dine? Det er svindel, legg på med ein gong. Verken bank, politi eller offentlege myndigheiter vil be om dette per telefon. Forstår du i etterkant at du har sagt noko du ikkje burde, kontakt oss med ein gong.

Får du SMS frå banken og blir bedt om å oppgi kodene dine? Det er svindel. Ikkje trykk på noko, slett meldinga med ein gong.

Har du nokon gong trykka på ein lenke som leidde deg til ei suspekt nettside? Dersom det skjer, ikkje trykk på noko og lukk nettsida eller nettlesaren.

Møtt den store kjærleiken på nettet? Det kan raskt bli det store sviket. Ikkje la deg overtale til å gi opplysningar om konto, fødselsnummer eller BankID, og ikkje overfør pengar.

Det er som regel svindel, ikkje klikk på lenker og slett meldinga. Er det Norsk Tipping så får dei tak i deg til slutt.