Det nærmar seg siste helg i advent, og både flyplassar, togstasjonar og busselskap førebur seg på storinnrykk av reisande allereie fredag og laurdag. Også på vegane vil det bli travelt, og då kanskje særleg på måndag, dagen før dagen.

Her er dei viktigaste råda våre for å handtere juletrafikken best mogeleg: 

  • Berekn ekstra tid - både på vegen, flyplassen og på handletur.
  • Køyr pent og vis omsyn til køyreforholda. Ver ekstra obs i parkeringshus.
  • Hugs at det tyngste skal nedst og innarst når du pakkar bilen.
  • Bestill fly- og togbillettar tidleg - det blir fort fullt.
  • Skal du til utlandet bør du sjekke kva forsikringa di dekkjer.
  • Pass på store og små eigedelar når du reiser.

Usikker på kva forsikringar du treng?

Kontakt oss - vi hjelper deg gjerne!

Vi ønskjer deg og dine ei riktig god jul og god tur.