Hopp til innholdet
Dame som køyrer elsparkesykkel i ein by
Det er mange reglar du må hugse før du brukar ein elsparkesykkel. Vi gir deg ei kjapp innføring.
Elsparkesykkelforsikring

Eig du ein elsparkesykkel? Då må du ha ei ansvarsforsikring

Her får du oversikta over dei aller viktigaste reglane du må følgje om du eig eller brukar ein elsparkesykkel eller andre små elektriske køyretøy.

Visste du at elsparkesykkelen eller eit sjølvbalanserande brett no blir rekna som ein liten elektrisk motorvogn? Det får nemleg ganske store konsekvensar for deg om du eig eller brukar dei.

Brukar du eit lite elektrisk køyretøy er det mange nye reglar og krav som du må kjenne til og forhalde deg til. Men ikkje fortvil, vi har samla dei viktigaste punkta for deg.

1. Du er nødt til å ha ei ansvarsforsikring

Frå og med den 1. januar 2023 blei alle som eig små elektriske køyretøy pålagde å ha ei ansvarsforsikring.
Ansvarsforsikringa dekkjer erstatningsansvaret ditt viss du skader nokon eller noko medan du brukar elsparkesykkelen din.

Så hugse å sjekke at du har ei gyldig forsikring før du legg ut på tur.

Viss du derimot leiger ein elsparkesykkel, så er det utleigeselskapet som står for ansvarsforsikringa.

Du kan kjøpe ei slik ansvarsforsikring hos oss.

Kjøper du en Innbu Pluss-forsikring av oss forsikrer du den i tillegg for brann, tjuveri og annan skade.

Desse typane små elektriske køyretøy kan du forsikre hos oss.

2. Reglane gjeld for alle små elektriske køyretøy

Det nye kravet om ansvarsforsikring og resten av reglane vi snakkar om i denne artikkelen gjeld altså for alle køyretøy som er klassifiserte som små elektriske køyretøy.

Reglane gjeld for blant anna:

  • Store tohjulingar
  • Mindre einhjulingar
  • Elektriske skateboard
  • Elektriske sparkesyklar
  • Sjølvbalanserande brett

For at køyretøyet skal kunne brukast på fortauet, gang- eller sykkelvegen må det i tillegg ikkje vege meir enn 70 kg med batteriet, ikkje vere breiare enn 85 cm eller høgare enn 120 cm og det må vere sperra for fart over 20 km/t.

Det er kun sjølvbalanserande køyretøy som kan ha sete.

Viss køyretøyet ditt er ulovleg, vil forsikringa di i dei aller fleste tilfelle ikkje dekkje skader og du kan sitje igjen med store summar som du må betale frå eiga lomme.

3. Du må være over 12 år

Aldersgrensa for å kunne bruke ein elsparkesykkel er faktisk 12 år.

Enkelte utleigeselskap kan også ha ei endå høgare aldersgrense. Så sjekk kva reglar dei opererer med før du eller nokon av barna dine leiger ein elsparkesykkel.

Brytast denne regelen er det foreldra som kan bli haldne ansvarlege. Så pass på at barna dine ventar med å bruke ein elsparkesykkel til dei er gamle nok.

4. Hugs hjelmen! Det er påbod for dei under 15 år.

Det er fem til sju gonger større sjanse for å skade seg med ein elsparkesykkel enn ein vanleg sykkel. Ein stor andel av dei alvorlege skadane er hovudskadar.

Difor er det påbod med hjelm for barn og unge under 15 år.

Men sjølv om det ikkje er eit generelt krav om å bruke hjelm for dei over 15 år, anbefaler vi sterkt at du brukar ein hjelm.

Og som med aldersgrensa over: viss eit barn blir tatt i å bryte denne regelen, er det foreldra som kan bli haldne ansvarlege viss noko skulle skje.

5. Du kan ikkje halde mobilen i handa

Ja, du las riktig. Det er ikkje lov å halde mobiltelefonen medan du køyrer ein elsparkesykkel. Så du kan verken taste på den eller halde den i handa når du køyrer.

Skal du bruke mobilen er du nødt til å bruke handsfree, både når du startar, held og avsluttar ein samtale.

Blir du tatt i å bruke mobiltelefon ulovleg kan du få ei klekkeleg bot og prikkar i førarkortet.

Så hald fokuset ditt på vegen og nyt turen.

6. Du kan ikkje køyre med promille

Det er ikkje lov å bruke ein elsparkesykkel eller små elektriske køyretøy medan du er påverka av alkohol eller andre rusmiddel. Promillegrensa er den same som for bil; 0,2 promille.

Det er heller ikkje lov å la nokon andre som er påverka av rus bruke køyretøyet.

Straffa for brot på promillereglane er bøter og at førarkortet ditt blir inndrege.

Å køyre i rusa tilstand er ikkje berre ulovleg, men det er i tillegg farleg og kan føre til ulykker. Så viss du har drukke, lar du elsparkesykkelen stå og finn deg ein annan transport heim i staden.

7. Du må ha effektive bremsar, lys og refleks og ringeklokke

Elsparkesykkelen din må ha bremsar som gjer det mogleg at du klarer å stanse på ein sikker, effektiv og rask måte.

I tillegg skal den ha både ein raud refleks og eit raudt lys bak og eit kvitt eller gult lys framme.

Lysa skal vere festa til elsparkesykkelen – eller på deg når du køyrer, berre ikkje på hovudet ditt.

Elsparkesykkelen skal i tillegg ha ei ringeklokke. Viss elsparkesykkelen ikkje er designa slik at det er mogleg å montere eller bruke ei ringeklokke, gjeld ikkje dette kravet.

8. Den kan ikkje køyre fortare enn 20 km/t

For at eit lite elektrisk køyretøy skal vere lovleg må det ha ei fartsperre på 20 km/t. Det betyr at motoren ikkje kan la den køyre fortare enn 20 km/t.

Har du ein elsparkesykkel utan fartsperre på 20 km/t, får du ikkje forsikring.

9. Du kan ikkje ha med deg passasjerar

Uansett kor mykje det kanskje freistar, er det ikkje tillate å ha med ein passasjer på ein elsparkesykkel eller på andre små elektriske køyretøy. Det er heller ikkje lov å ha passasjeren i ein tilhengar som er festa til køyretøyet.

Elsparkesykkelen skal altså berre brukast av éin person om gongen. Ingen unntak.

10. Det er foreldra sitt ansvar om barna bryt reglane

Om barnet ditt bryt reglane for elsparkesyklar eller andre små elektriske køyretøy, som for eksempel at dei køyrer utan ansvarsforsikring eller brukar mobilen utan handsfree, kan foreldra haldast ansvarlege.

Ikkje minst kan foreldra haldast ansvarlege om dei overlèt ein elsparkesykkel til eit barn som er under 12 år, eller om dei som brukar den er mellom 12 og 15 år og ikkje brukar hjelm.

Oppsummert

Alt i alt er reglane ganske enkle.

  • Aldersgrensa er 12 år
  • Alle mellom 12 og 15 år må bruke hjelm
  • Det er ikkje lov å køyre med promille
  • Alle små elektriske køyretøy må ha sperregrense på hastigheten, effektive bremsar og lys og ei ringeklokke
  • Det er ikkje lov å bruke mobilen medan du køyrer
  • Det kan berre vere éin person på køyretøyet om gongen
  • Du må ha ei ansvarsforsikring

Hos oss kan du kjøpe ei forsikring som passar for deg, slik at du kan starte turen trygt og med god samvit.

God tur!

Se video: 4 regler for elsparkesykkel enkelt forklart

Ikke gløym trafikkreglane

Vi har samla dei viktigaste trafikkreglane du bør vite om når du brukar ein elsparkesykkel

Lær trafikkreglane her