Rundt 900.000 skandinaviske bilistar får kvar sommar veghjelp frå SOS International. 
Her er 8 tips som gjer at du unngår å verte ein av dei.

 

1. Ta turen innom verkstaden før du dreg
Fullasta bil, varmt ver og køyring mange timar i strekk, er ei hard belastning på bilen. Det er ikkje kjekt å stoppe midt i ein bilkø i Tyskland, eller oppleve at radiatoren kokar på Hardangervidda. Motorstopp og mekaniske skadar er som regel mogleg å sleppe unna dersom du syter for at bilen vert sjekka på verkstad før du dreg.

2. Korleis er lykter og dekk?
Har du opplevd at nokon har blinka på deg i det siste? Sjekk lyktene dine, og sjå over dekka. Dekkmønstret må vere minimum 1,6 mm, men ekspertane rår til skifte av dekk ved 3 mm. Og gløym for all del ikkje reservehjulet.

3. Tenk vektfordeling
Pakk fornuftig når du skal på tur. Takboksen skal berre brukast til lette ting. Tung bagasje må plasserast lågt og så langt fram som mogleg. Tenk at det skal vera minst mogleg forflyttingar ved oppbremsing, for lause ting kan fort valde mykje skade i ein bil dersom du må bråbremse.

Har du vore uheldig? Skade melder du her

4. Ha ein realistisk plan
Ifølgje Trygg Trafikk, er høg fart ein medverkande årsak til rundt halvparten av dødsulukkene på norske vegar. Hugs at du har ferie - det er heilt unødvendig å stresse så fælt. Berekn kjøyretida med ein realistisk fart når du planlegg turen. Då vert det tid til både dopausar, fotografering, og uføresette trafikktilhøve.

5. Ta vare på barna
Ikkje noko er meir stressande enn skrikande barn i baksetet. Planlegg turen slik at alle får det hyggeleg. Drikke, snacks og spel er sikre vinnarar. Eller kva med å høyre på ei lydbok som heile familien kan kose seg med?

6. Lås bilen når du forlèt han
Lås alltid dører og bagasjerom dersom du forlèt bilen. Må du leggje att verdisaker, hugs å sikre at desse ligg i lukka og låst hanskerom eller separat låst bagasjerom.

Meir om bilforsikring finn du her

7. Kontroll på forsikringa?
Både bil- og reiseforsikringa dekkjer deg i inn- og utland. 
Ved veghjelp i Noreg, ring oss på telefon 62 51 83 88, så hjelper vi deg vidare. 
Ved veghjelp i utlandet, ta kontakt med samarbeidspartnaran vår SOS International på telefon 22 22 77 06.

8. Husk Grønt kort
I tillegg er det et godt tips å hugse Grønt kort. Det koster ingenting, og er eit bevis for at du har ansvarsforsikring. Skulle du bli innblanda i ein trafikkulykke i utlandet, vil den norske bilansvarsloven gjelde. Dersom en annan bil er ansvarleg for kollisjonen, kan du velge å kreve erstatning etter skadestedets lovgivning eller norsk bilansvarslov. Grønt kort bestiller du enkelt når du er logga inn på minside. Du trenger bare å gå inn på det køyretøyet du skal bestille Grønt kort på og klikke på Bestill Grønt kort. 

God tur!