Hopp til innholdet

Alle fortener økonomisk sjølvtillit

Sunn økonomi handlar ikkje om å vere eit talgeni, men om å ta små og smarte grep. Er du usikker på kva for grep som løner seg for deg og dine tilsette? Få personleg rådgjeving og gode råd om sparing og pensjon hos oss!

Hos oss finst det ingen dumme spørsmål!

Vi veit at økonomiske ord og uttrykk ikkje alltid er like enkle å forstå. Difor er vi opptekne av å forklare og forenkle, og dele vår kunnskap med deg, slik at du kan ta grep om pensjonssparinga for deg og dine tilsette.

Det er mange gode grunnar til å investere tid med ein bankrådgivar:

  • Heilskapleg pensjonsrådgiving
  • Auka kunnskap om pensjonsprofilar og kvifor Eika Innskottspensjon er eit godt alternativ
  • Sjå moglegheiter du kanskje ikkje visste om

Saman set vi opp ein pensjonsplan som passar for deg og di bedrift!

Fordi alle fortener økonomisk sjølvtillit.

Tre tips til deg som er bedriftsleiar:

  1. Snakk med dei tilsette om pensjon
  2. Finn ut kva som er vanleg å spare til pensjon i di bransje
  3. Ver ein attraktiv arbeidsplass ved å tilby konkurransedyktige tilsettgode

Viktig informasjon 

Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Om du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar kan du avtale eit møte med oss.
Informasjonen ovanfor er ikkje meint som investeringsråd eller tilrådingar. Om du ønskjer å vite meir om innskottspensjon og fonda som blir forvalta av Eika Kapitalforvaltning, ta kontakt med din lokale Eika-bank for personleg rådgjeving. Sjølv om aksjemarknaden har gått bra historisk er det ingen garanti for at det vil gjere det i framtida. Avkastninga blir påverka av marknadsutviklinga, risikoprofilen på di investering, forvaltarens dugleik og kostnader. Avkastninga kan bli negativ.

Informasjon om fondas investeringsmandat og risiko finn du i dei einskilde fondas prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Informasjon om fondas kostnader finn du her.