Kontoar for bedrifter
- Få full oversikt over transaksjonane dine
- Vi har alle kontotypane du treng til di bedrift
- Vi hjelper deg med å setje opp dei kontoane du treng
Enten du driv ei stor eller lita bedrift, har vi kontoane du treng for den daglege drifta di. Vi hjelper deg med å setje opp det du treng.
Vi tilbyr alle kontotypar du treng for den daglege drifta:
Bedriftskonto
Konto for den daglege drifta. Handterer innskot, kreditt og alle typar betalingsformidling på éin konto.
Skattetrekkskonto
Konto som oppfyller vilkåra i skattebetalingslova. Lovpålagt for bedrifter som betaler lønn eller pensjon. Brukast til å setje av pengar til skattemyndigheitene, sperra for andre uttak.
Plasseringskonto
Konto for overskotsmidlar med høgare avkastning enn ein vanleg konto.
Depositumskonto
Sperra konto for leigetakar sitt innskot som sikkerheit for skadar eller manglande husleige. Lovpålagt ved utleige av bustad og næringslokale.
Valutakonto
Konto for regelmessige inn- og utbetalingar i utanlandsk valuta, egna for bedrifter som ønskjer å vere likvide i utanlandsk valuta.
Landbrukskonto
Driftskonto for sjølvstendig næringsdrivande innanfor landbruk, brukt for alle typar inn- og utbetalingar.
Klientkonto
Konto for advokatar, eigedomsmeklarar, fondsforvaltarar, inkassobyrå og andre som er underlagde spesielle reglar for oppbevaring og forvaltning av klientmidlar.
Konserkontosystem
System som samlar likviditet på tvers av selskapa, reduserer renteutgifter og aukar renteinntekter ved balansenetting og betre utnytting av overskotslikviditet.