Forsikringane våre blir levert av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte om du har spørsmål eller treng hjelp.
Spørsmål og svar om næringsforsikring
Næringsforsikring dekkjer blant anna maskinar, inventar, råvarer, halvfabrikat, ferdige varer og driftsmaterialar. Forsikringa kan også inkludere avbrotstap, ansvarsforsikring, rettshjelp og kostnader for rydding etter skade.
Avbrotstap dekkjer tap ved stans eller innskrenking i drifta på grunn av erstatningsmessig tingskade på forsikringsstaden. Med andre ord at arbeidet stoppar fordi noko blir skada. Dekninga gjeld i inntil 24 månader frå skaden inntraff og kan også dekkje mellombels skadeførebyggande tiltak.
Ansvarsforsikringa dekkjer erstatningsansvar som innehavar av den forsikra verksemda kan pådra seg. Dette inkluderer også rettshjelp for tvistar som er knytt til verksemda.
Kriminalitetsforsikringa dekkjer tap som følgje av underslag, bedrageri, utroskap eller dokumentfalsk begått av tilsette eller tredjepersonar. Erstatninga er avgrensa til kr 1 000 000 per skadetilfelle.