Konsernkontosystem

Bedrifter med fleire dotterselskap og kommunar med mange avdelingar, treng ei god oversikt over den samla likviditeten. Konsernkontoløysinga vår medverkar til at bedrifta får betre kontroll og kan utnytte likviditeten optimalt.
  • Alle kontoar i det same systemet med moglegheit for ei felles kredittramme
  • Bruk nettbanken for innsyn i og oversikt over kontoane
  • Optimal utnytting av likviditet og kredittrammer
Kontakt meg om konsernkonto

Dette er konsernkonto

Konsernkonto er eit kontosystem for styring og kontroll av dotterselskap og avdelingar. Produktet passar både for bedrifter med mange kontoar, selskap med fleire dotterselskap og kommunar med mange avdelingar.

  • Optimal utnytting av overskotslikviditet og kredittrammer
  • Gir full kontroll over den samla likviditeten til bedrifta
  • Få ei samla oversikt over all kontoinformasjon
  • Betre kontroll på dotterselskapa sin bruk av kreditt og/eller inneståande midlar

 

Alle deltakarar i eit konsernkontosystem må vere ei sjølvstendig juridisk eining eller definert som eit konsern i samsvar med Aksjelova.

Kjekt å vite om konsernkonto

  • Ein konsernkonto består av éin toppkonto for morselskapet og fleire driftskontoar for kvar av deltakarane i systemet
  • I eit konsern hender det at enkelte selskap har overskotslikviditet, mens andre har underskot. Ved å samle likviditeten oppnår ein rentegevinstar
  • Renter på toppkontoen blir rekna ut dagleg og er eit forhold mellom banken og kunden. Renter på driftskontoane er eit forhold mellom konsernet og deltakarane