Vipps

Smarte betalingsløysingar for organisasjonar, bedrifter, lag og foreiningar! Anten det er til nettsal eller til vaffelsal på 17. mai.

Vipps Bedrift

Enkel, rask og billig betalingsløysing.

Dette er Vipps Bedrift:

Vipps Bedrift er perfekt enten du har ei større bedrift eller driv innsamling til idrettslaget. Kundane dine får eit enkelt alternativ til kort og kontantar, og du får pengar rett inn på konto. Salsrapporter kan hentast ut i ulike format via Vipps Bedrift-appen eller via VippsPortalen.

Du betaler berre for bruk av Vipps Bedrift, og det er ingen etableringsgebyr eller abonnementspris.

 

VippsGO

Set opp din eigen digitale butikk i Vipps-appen – netthandel i si aller enklaste form

Dette er VippsGO

VippsGO er ei ny løysing, skreddarsydd for små butikkar – for lag og foreiningar som har ein kiosk eller ein utsalsstad.

  • Set opp din eigen nettbutikk i Vipps-appen
  • La kundane sjå varene, bestille og betale før dei kjem til kassa
  • Enkelt å setje opp –  gjort på berre 30 minutt
  • VippsGO: Enkelt for deg – enkelt for kunden!

    Vipps Faktura

    Raskare og enklare fakturering for bedrifta di.

    Dette er Vipps Faktura:

    Med Vipps Faktura sender du faktura til kundane dine rett i Vipps. Du får kjappare innbetalingar og betre likviditet. Sei JA til noko som er raskare, enklare og meir lønsamt for di bedrift.


    Gjer livet enklare for kundane dine
    • Dei tar i mot og betalar faktura i Vipps
    • Dei treng ikkje å tenkje på KID-nummer
    • Dei får varsling når det kjem faktura, og på forfallsdato

    Vipps på Nett

    Gjer det raskare og enklare for kunden å betale i nettbutikken din.

    Dette er Vipps på Nett

    Med Vipps på Nett slepp kunden å taste inn kortnummer, utløpsdato og cvc-nummer ved kjøp, og godkjenninga via BankID forsvinn - det blir dermed mykje enklare og raskare å fullføre ein handel.

    Stadig fleire nettbutikkar tilbyr no Vipps på Nett som eit viktig ledd for å auke salet.  30-40% av kundane vel Vipp sin som betalingsmåte når dette blir tilbode.

    Kom i gong med Vipps på Nett

    Det finst fleire måtar å få Vipps på nett i nettbutikken din:

  • Integrasjon gjennom ulike netthandelsplattfomer, f.eks. MyStore
  • Integrasjon gjennom PSP (payment service provider), f.eks. PayEx eller Bambora
  • Direkte integrasjon gjennom Vipps sitt API - tilrådd for nettbutikkar med over 10 millionar i omsetning