Etter fleire år med til dels kraftig prisvekst, er forventningane til årets lønnsoppgjer høge. Lønnsforhandlingane i Noreg tek utgangspunkt i den såkalla Frontfagsmodellen, som gir ei ramme for oppgjeret og er framforhandla mellom Norsk Industri (NHO) og Fellesforbundet (LO). I byrjinga av april 2024 vart det semje om ei ramme på 5,25 %, som dannar grunnlag for positiv reallønnsvekst.

Fleire kompensasjonsalternativ

Når lønnsforventingane er høge, slik dei har vore så langt i 2024, kan det vere fornuftig å sjå kompensasjonsordning i sin heilskap, ikkje berre bruttolønn isolert sett. Undersøkingar viser at tilsette i aukande grad er opptekne av kompensasjon utover rein bruttolønn, og gode pensjons- og forsikringsordningar kjem høgt på lista. Det kan derfor vere fornuftig å sjå på lønnsvekst i kombinasjon med auka pensjonssparing, og vere kjent med dei ulike fordelane og ulempene dette fører til. Både for bedrifta og den tilsette.

Argument for å velje lønn framfor pensjon:

  • Lønnsauke gir auka kjøpekraft i dag. Ein betre pensjonsordning har du glede av først som pensjonist.
  • Du disponerer pengane heilt sjølv, og veit best kor lønnsauken gir mest nytte. Det kan vere du sparar til ny bustad eller bil? Lønnsauke tel også positivt om du skal refinansiere eit lån, eller har planar om å byte jobb.
  • Høgare lønn i dag gir auka ytingar frå folketrygda, blant anna pensjon, sidan pensjon vert rekna ut frå lønna. (Opp til 7,1 G = 842 202,-)

Argument for å velje pensjon framfor lønn:

  • Skattefordelane favoriserer auka pensjonssparing frå arbeidsgjevar (innskotspensjon). Lønsinntekt må skattast av i dag, og gir dermed mindre å spare. Pensjon frå arbeidsgjevar må først skattast når pensjonen kjem til utbetaling. Det gir meir pensjon til slutt, fordi eit større sparebeløp då kan forrente seg over fleire år. Eit anna punkt er at skattesatsen som pensjonist er lågare enn som yrkesaktiv.
  • Bedriftspensjon (innskotspensjon) er i praksis tvungen sparing, og hjelper dermed tilsette til langsiktig og strukturert sparing mot pensjonsalder. Nokre prosent i mindre lønn merkast knapt på lommeboka i dag, men vil ha stor betydning for økonomisk tryggleik og fridom som pensjonist.
  • Bedriftspensjon (innskotspensjon) er ofte ein rimeleg og lønsam måte å spare til pensjon på. Det er arbeidsgjevaren som betalar forvaltingskostnadane, og desse er stort sett lågare for bedrifter enn for privatpersonar. I Eika Innskotspensjon er pensjonspengane forvalta langsiktig i fond, sett saman i ulike pensjonsprofilar. Ein kan velje profil tilpassa sin eigen risikotoleranse. Risikoen trappast automatisk ned mot pensjonsalder. Profilane har historisk hatt god risikojustert avkastning.

Det vil alltid vere totaliteten i ein framforhandla lønnsavtale som er viktigast. Likevel vil det vere lettare å kome fram til eit godt kompromiss dersom begge partar kan vega dei ulike argumenta opp mot kvarandre og er villige til å gje noko. Lukke til med vårens forhandlingar!