Hopp til innholdet
Pensjon

Eika Innskotspensjon - Lønnsamt gode for tilsette og bedrifta

I januar 2006 kom lova om obligatorisk tenestepensjon, og myndigheitene påla bedriftene å spare til pensjon for sine tilsette. Spareordninga skal kompensere for reduserte utbetalingar frå Folketrygda i framtida.

Dei fleste som etablerte ordningar for 17 år sidan la seg på lovens minimum, 2 % av løn mellom 1*-12G (*endra til 2 % av løn frå 0-12 G per 01.01.2023).

Sparing til pensjon via arbeidsgivar har blitt eit av dei tilsettegoda som arbeidstakarar set høgast når goda skal rangerast, i tillegg til løn. Dessverre er ikkje 2 % av løn nok. Dette gjenspeglar seg også i statistikk frå Finans Norge, som viser at ca. 70 % av bedriftene har valt ein betre pensjonsavtale enn lovens minimum ved utgangen av 2021.

Ein pensjonsordning er økonomisk gunstig for bedrifta sett ut i frå fleire forhold:

  • Gode ordningar skapar lojale tilsette
  • Bedrifta står sterkare i konkurransen om dei kloke hovuda
  • Tilsette kan bidra med eigensparing osv.
  • Utgiftene til pensjon kostnadsførast, og reduserer dermed skattegrunnlaget til bedrifta
  • Sparenivået kan endrast av arbeidsgivar

Vi står no framfor eit lønsoppgjer der forventningane til lønsvekst er høge. I lønsforhandlingar kan ein kombinasjon av løn og pensjon vere svært gunstig både for arbeidstakar og arbeidsgivar, og ein høgare sparesats kan faktisk gjere ei bedrift til ein meir attraktiv arbeidsgivar. Det er så enkelt at dersom ein arbeidstakar har valet mellom to arbeidsgivarar, kan ei bedrift med høgare sparesats på innskotspensjonen for sine tilsette bli det føretrekte valet.

Kontakt oss i banken, eller ein av våre hyggelege kollegaer i Storebrand, for å finne den pensjonsordninga som er best for deg og bedrifta.

Gjennomsnittleg spareprosent per bransje:

Bransje 2 - 3 % 4 - 5 % 6 - 7 %
Olje og Offshore - - 7 %
Finans og forsikring - - 6 %
Forskning og undervisning - - 6 %
Medlems-organisasjonar - - 6 %
Kraft og industri - 5 % -
Konsulentar - 5 % -
IT - 5 % -
Arkitektar - 5 % -
Helsetenester - 5 % -
Bil, reparasjon og transport - 5 % -
Kultur og media - 5 % -
Farmasi - 5 % -
Nærings produksjon - 4 % -
Jus og rekneskap - 4 % -
Entreprenørverksemd - 4 % -
Tekstil- og møbelproduksjon - 4 % -
Handverkarar - 4 % -
Jordbruk, skogbruk og fiske 3 % - -
Butikkar 3 % - -
Frisør og hudpleie 2 % - -
Vikar og bemanning 2 % - -
Overnatting og servering 2 % - -

Viktig informasjon

Informasjonen ovanfor er ikkje meint som investeringsråd eller anbefalingar. Ønskjer du å vite meir om innskotspensjon og fonda som blir forvalta av Eika Kapitalforvaltning, ta kontakt med din lokale Eika-bank for personleg rådgiving. Sjølv om aksjemarknaden har gått bra historisk, er det ingen garanti for at det vil gjere det i framtida. Avkastinga påverkas av marknadsutviklinga, risikoprofil på di investering, forvaltarens dyktigheit og kostnader. Avkastinga kan bli negativ.

Informasjon om fonda sine kostnader finn du her.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fondets prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.

Innhaldet på desse sidene er ikkje å rekne som personleg rådgiving. Det er kun våre autoriserte rådgivarar som kan gi personleg rådgiving. Ønskjer du rådgiving frå ein av rådgivarane våre, kan du booke møte her.