-
Korleis sperrar eg kort?
Treng du å sperra bankkortet eller kredittkortet ditt kan du gjera dette sjølv under "Sperre kort" i mobil- og nettbanken. Alternativt kan du ta kontakt med vår døgnåpne sperreteneste ved å ringa +47 915 03850.
-
Kvar tingar eg kort?
Kontakt oss for å tinge kort.
Dersom du ønskjer å søkja om eit kredittkort kan du søkje om det i nett- og mobilbanken.
-
Eg har gløymt PIN-koden, kva gjer eg?
Du kan henta PIN i nettbanken for alle bank- og kredittkorta dine. Logg deg inn i nettbanken. Vel "kort" og "hent PIN" i nettbanken. I mobilbanken finn du "hent PIN" under menyvalet "kort".
-
Kortet nærmar seg siste bruksdato, når får eg nytt?
Kortet ditt er gyldig fram til den siste dagen i den månaden som er ført opp på kortet. Vi sender deg automatisk eit nytt kort i midten av utlaupsmånaden.
-
Korleis fungerer kontaktlaus betaling?
Betalinga gjennomfører du ved å halda kortet tett inntil betalingsterminalen. Første gongen du nyttar kontaktlaus betaling, blir du bedt om setja inn kortet og tasta PIN-koden.
-
Kvar kan eg bruka kontaktlaus betaling?
Det er stadig fleire butikkar i Noreg og utlandet som godtek kontaktlaus betaling. Sjå etter denne logoen i displayet på terminalen:
-
Er kontaktlaus betaling trygt?
For å ivareta tryggleiken kjem vi med jamne mellomrom til å be deg om å stadfesta betalinga med PIN-koden. For at du skal kunne gjennomføra ei betaling, må vara først vere slått inn og kortet mindre enn 5 cm frå kortlesaren. Du risikerer ikkje å belasta kortet berre du går forbi ein terminalF
-
Kvar finn eg CVV2/CVC2-koden?
Når du handlar på internett kan du bli bedt om å tasta inn CVV2/CVC2 i tillegg til kortnummer og utlaupsdato.
Denne koden finn du på baksida av kortet, og han inneheld dei tre siste siffera i signaturfeltet. -
Kvifor kjem korta no utan bilete/legitimasjon?
Korta våre kjem no utan bilete og personlege opplysningar. Vi har valt dette på grunn av risikoen som oppstår om kortet går tapt. All personleg informasjon som kontonummer, namn, personnummer, signatur og bilete kan koma på avvegar om kort med bilete går tapt.
-
Kvar finn eg informasjon om MasterCard-kortet mitt?
Du kan finna transaksjonar og saldo både i nettbanken og mobilbanken din. Ein kopi av fakturaen finn du i nettbanken dersom du har papirfaktura og i eFakturaarkivet ditt dersom du har eFaktura.
-
Kan eg endra kredittgrensa på MasterCard?
Ja. Du kan heva eller senka kredittgrensa under valet "auk kredittgrense" i nett- og mobilbanken.
-
Kan eg endra forfallsdato på fakturaen på MasterCard?
På kredittkort med privatansvar kan du velja mellom forfall 5., 15. og 25. Ta kontakt med oss.
-
Eg mistenkjer at nokon har prøvd å misbruka kortet mitt! Kva gjer eg?
Ta straks kontakt med oss, vi tilrår at kredittkortet ditt blir sperra.
-
Hvordan kan jeg reklamere?
Har du fått belastet et beløp dobbelt, ikke mottatt vare etter bestilling på internett eller er utsatt for svindel på ditt Visa bankkort eller Mastercard kredittkort kan du be om å få tilbakebetalt beløpet gjennom reklamasjon. Din reklamasjon leverer du ved hjelp av din BankID.
-
Korta mitt verkar ikkje, kva gjer eg?Dersom bank- eller kredittkortet ditt ikkje fungerer, kan du gjera eit par ting sjølv før du kontaktar oss:
1. Sjekk regionsperra
Du kan sjekka om du har oppretta regionsperre på kortet under Regionsperre i mobil- og nettbanken.
Dersom du har oppretta regionsperre for det området du er i, kan du fjerne denne før du freistar å bruka kortet på nytt.
2. Sjekk at kortet er aktivt
Kortstatus sjekkar du enkelt i den nye mobilbanken når du vel å sjå bank- eller kredittkortet ditt. Er kortet sperra vil det stå med status sperra i mobilbank visninga.
Viss kortet ikkje er sperra og regionsperre ikkje er oppretta må du ta kontakt med kundesenteret vårt på tlf. (+ 47) 915 03850 eller senda ein e-post til kundesenter@eika.no. Då kan vi sjå litt nærare på kortstatusen hos oss og feilsøke kortet. -
Korleis kan eg setja opp eller opna regionsperra på kortet mitt?
Du kan enkelt administrera regionsperra på bank- og kredittkortet dine i mobil- og nettbanken.
Ny mobilbank
1. Vel bankkortet eller kredittkortet du ønsker å setja opp eller fjerne regionsperra på frå kortoversyna
2. Gå til Regionsperre under Om kortet
Her kan du sperra/opne kortet for bruk i ulike verdsdelar og for netthandel.
Nettbank
1. Vel Kort frå menyen til venstre
2. Finn riktig kort du ønsker å setja opp eller fjerne regionsperra på frå kortoversyna
3. Trykk på pila til høgre for kortnamnet og vel deretter Regionsperre frå korttenestene som kjem opp.
Det same kan du gjera i gammal mobilbank om du framleis bruka denne.