Har du tenkt over korleis du skal spara dei neste fem, ti eller førti åra? Innføringa av aksjesparekonto og individuell pensjonssparing (IPS) har gjort det mykje enklare å spara langsiktig – men kva for ei av dei er eigentleg best? Her er ein kort presentasjon av begge:


Eika Aksjesparekonto – aksjefond på éin stad

Med ein aksjesparekonto hos oss samlar du alle aksjefonda dine innanfor EU/EØS på éin stad, og du får skattefordelar. Kontoen er gratis, og du kan bestilla han i mobilbanken. Les meir om aksjesparekonto og mobilbanken.

  • Ta ut heile summen du har sett inn – skattefritt
  • Sel eller byt aksjefond utan å skatta undervegs
  • Betal skatt først når du tek ut gevinsten frå aksjesparekontoen

Obs: Dersom du allereie sparar i aksjefond må du hugsa å flytta dette over på ein aksjesparekonto. For å sleppa skatt på eventuelle gevinstar må du gjera overføringa seinast ved utgangen av 2019. Etter 2019 er det ikkje lenger mogleg å flytta aksjefonda dine skattefritt til ein av aksjesparekontoane våre.

Psst! Eig du enkeltaksjar utanom fond? Desse kan du overføra til aksjesparekonto hos samarbeidspartnaren vår Norne Securities.


IPS: Smart pensjonssparing

Sparing på ein IPS-konto gjer privat pensjonssparing meir lønsamt. Du vel sjølv kor mykje du vil spara kvart år, og du kan endra eller stoppa sparinga undervegs.

  • Du betalar ikkje skatt på avkastninga i spareperioden.
  • Sparesaldoen er unnateken formueskatt.
  • Spar opptil 15 000 kroner kvart år og få 22 prosent, altså 3 300 kroner om du sparar 15 000 kroner, av sparebeløpet i frådrag på skatten.
  • Du kan begynna å ta ut pengane frå du er fylt 62 år.
  • Det er først når du skal ta ut pensjonen din at du skattar av beløpet  

Psst! Lurer du på kor mykje du får i pensjon? Sjekk pensjonskalkulatoren.


Ja takk, begge delar

Konklusjonen blir at aksjesparekonto passar for deg som sparar langsiktig i aksjefond. Ved å spara på ein aksjesparekonto vil du ha betre fleksibilitet i måten du sparar på, og du kan selja eller byta aksjefond undervegs utan å måtta betala skatt. IPS er for deg som har høve til å binda kapital fram til du blir pensjonist.

For dei fleste vil det smartaste vera å seia som Ole Brumm – ja takk, begge delar – og kombinera sparing i aksjesparekonto med sparing i IPS. På den måten kan du få:

  • Fleksibel og lønsam sparing
  • Gunstige skattefordelar
  • Ulike tidsperspektiv
  • Øyremerkt sparing til pensjon og fleksibel sparing til draumen
Kontakt oss om aksjesparekonto og individuell pensjonssparing 

Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna vera avhengig av marknadsutviklinga, evnene til forvaltaren, risikoen i verdipapirfondet og kostnader ved teikning, forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap.