Hopp til innholdet

Veitt du kva phishing er?

Her får du det forklart, i tillegg til nokre enkle råd du kan følgje for å unngå at du blir ramma.

Kva er eigentleg phishing?

Phishing er ein form for svindel på nettet der bedragarar prøver å lure deg til å gi frå deg personleg informasjon, som bankkontoopplysningar eller passord. Dei later som om dei er frå ein påliteleg organisasjon, til dømes banken din, og sender deg vanlegvis ein e-post, SMS eller ei lenkje til ei falsk nettside.

Målet deira er å få deg til å tru at du kommuniserer med den ekte banken, slik at du frivillig oppgir sensitiv informasjon. Desse svindlarane kan bruke denne informasjonen til å stele pengane dine eller få tilgang til andre viktige kontoar.

Enkle tips for å unngå phishing

Tenk sikkerheit

Vær kritisk til SMS og e-postar som har lenkjer og ber deg logge inn ein stad. Vi vil aldri be om informasjon om BankID, konto eller kort!

Ha oppdatert utstyr

Utstyret må haldast i orden. Sørg for at telefon, iPad og datamaskin har oppdatert antivirusprogram og programvare.

Respekter digitalt klima og farvatn

Utstyret må berre brukast under eigna forhold. Sjekk avsendar på SMS og e-post, lenkjer skal berre trykkast på viss du kjenner avsendaren. Er du i tvil? Ikkje trykk.

Følg sikkerheitsreglane

Råda om to-faktor autentisering, antivirusprogram og IT-sikkerheit må overhaldast. Desse beskyttar deg mot SMS- og e-postsvindel skulle du bevege deg i phishy farvatn.

Bruk sikkerheitsnettet rundt deg

Ta kontakt med banken dersom du likevel har vore uheldig og blitt utsett for svindel.

Vær uthvilt og følg med

Les nøye gjennom SMS og e-post. Er det noko som skurrar (for eksempel dårleg språk) – slett med det same!

Vis fornuft

Bankar og offentlege bedrifter vil ikkje sende deg lenkje til å oppdatere informasjon eller passord. Gå heller direkte til bedrifta si nettside og logg inn der. Ikkje bruk lenkjene du har fått på SMS eller e-post.