Hopp til innholdet

Bli betre rusta til å unngå svindel - lær deg Bankvettreglane

Saker om folk som blir svindla er ofte i nyheitsbiletet for tida. Svindlarane blir stadig flinkare, dei er norske og ringer frå norske nummer.

Personar i alle aldrar og i alle delar av befolkninga blir svindla.

Fokuset til svindlarane er likevel mest retta mot eldre menneske. Difor har vi laga 9 bankvettreglar for å gjere det enklare å vite kva du skal gjere dersom du blir oppringt av nokon du ikkje kjenner.

Svindel er vanskeleg

Mange synest dette med svindel er skummelt, og dei føler seg utrygge. Det kan også vere vanskeleg å snakke om det å bli lurt. Hugs difor at vi er her for deg, og at vi kan svare på alle spørsmål du har rundt svindel. For viss du veit kva du skal sjå etter, og ikkje deler personleg informasjon, er du betre rusta til å unngå å bli svindla. Bankvettreglane skal gjere det lettare å hugse kva du skal gjere viss uhellet er ute.

Bankvettreglane

  1. Del aldri opplysningar om din BankID – sjølv ikkje til politi, myndigheiter eller til oss i banken.
  2. Les om korleis du held din BankID trygg på våre nettsider.
  3. Viss du blir kontakta og bedt om å oppgi din BankID er det svindel! Legg på og kontakt oss med ein gong.
  4. Ver førebudd på at du kan bli kontakta av svindlarar, slik at du kan ta trygge val viss uhellet er ute.
  5. Legg på i tide viss du er usikker på kven du snakkar med.
  6. Meld frå til oss viss du får ein mistenkjeleg telefon.
  7. Det er ingen skam å snu – kontakt oss for å sjekke at det verkeleg er oss du har snakka med.
  8. Mange er usikre rundt dette med svindel. Spør oss om råd – vi er her for å hjelpe.
  9. Ring oss med ein gong viss uhellet er ute!

Viss du blir bedt om å oppgi passord eller kodar er det svindel!

Dei fleste svindelsaker der kundane taper store verdiar, er telefonsvindel. Svindlarane gir seg ut for å vere bank eller politi, og ber deg stadfeste fødselsnummer, BankID-kodar og passord. Dei later kanskje som om du allereie har blitt svindla, og seier dei skal hjelpe deg med å ordne opp. Her er det viktig å vere på vakt, for banken eller politiet vil aldri be deg om å dele BankID-kodar eller passord på telefon. Viss nokon ber deg om dette er det svindel! Viss du har spørsmål eller bekymringar, er det berre å ta kontakt med oss i banken for meir informasjon.