-
Kva er pensjon?Pensjonen din er det du skal leva av når du sluttar i arbeidslivet.
Pensjonen består av tre delar;
- Pensjon frå folketrygda
- Pensjon frå arbeidsgjevar
- Eigen pensjonssparing
-
Korleis veit eg kva eg får i pensjon?
-
Kva er pensjonstal?Pensjonstal er ei slags utrekning eller pensjonskalkulator som skal gi deg ei betre oversikt over pensjonen din. Denne viser kva du samla kan forventa å få i pensjon frå Folketrygda, pensjonssparing frå tidlegare arbeidsplassar og pensjonssparinga du eventuelt gjer på eigenhand.
-
Kor mykje bør eg spara til pensjon?Svaret på dette er individuelt, og det kjem heilt an på korleis du ønskjer å leva som pensjonist, kor mange år du har arbeidd og kor god pensjonsordning du har via arbeidsgjevaren din.
-
Kva pensjon kan gå i arv?
Følgjande pensjon kan arvast:
- Innskotspensjon
- Pensjonskapitalbevis
- Eigen Sparing
Følgjande pensjon kan ikkje arvast:- Pensjon frå Folketrygda
- Avtalefesta pensjon (AFP)
- Fripolise med/utan investeringsval
- Ytingspensjon
-
Kva er IPS?IPS står for Individuell PensjonsSparing
Når du sparer på ein IPS konto, kan du spara inntil 40.000 kroner kvart år og då få ein årleg skattefordel på 22%. Dette betyr at du kan få opptil 8.800 kroner i skattefordel kvart år viss du sparer maksbeløpet på 40.000.
Viss du vel å spara til pensjon på ein IPS konto, er heile sparesaldoen din sett bort frå formuesskatt, og du betaler heller ikkje skatt på avkastinga i spareperioden. Det er først når du som pensjonist tar pengane ut av IPS kontoen at du betaler alminneleg inntektsskatt.
Pengane på IPS kontoen kan du ta ut frå og med fylte 62 år og må minst vara til du fyller 80 år -
Eg ser ikkje all min oppsparte pensjon i Smartspar, kvifor det?Vi klarer berre å visa det som blir vist hos Norsk Pensjon. Dersom du har pensjon i eit selskap som ikkje sender info dit, eller har oppspart pensjon frå stat eller kommune vil dette desverre ikkje visast