10 kjappe spørsmål om IPS:
-
Bør eg spare til IPS på sparekonto eller i fond/aksjar?
Tidshorisonten på IPS-sparing er lang. Over tid gir fondssparinga høgare forventa avkastning enn banksparing, og ein tilrår derfor å spare mest mogeleg i aksjefond. Dersom du er mellom 18 og 33 år tilrår vi at du sparar i BSU framfor IPS.
-
Kvar blir pengane plasserte?
Våre dyktige rådgivarar hjelper deg å velje rett fond.
-
Korleis blir eg skattlagt?
Du betalar ikkje formueskatt av sparesaldoen, og heller ikkje skatt på avkastninga i spareperioden. Ved uttak blir midlene skattlagt som alminneleg inntekt, det vil seie 22 prosent.
-
Kva bør eg gjere med skattefordelen eg får?
Det kan vere lurt å reinvestere skattefrådraget på sparekontoen, i aksjar eller i aksjefond.
-
Når kan eg ta ut pengane?
Pensjonen kan takast ut frå fylte 62 år.
-
Kor mykje utbetalast årleg?
Den årlege utbetalinga er minst 20 prosent av grunnbeløpet, for tida 18 726.
-
Eg har IPS frå før. Kva med meg?
Eksisterande avtalar kan vidareførast med den same skattemessige behandlinga som i dag, men det vil sannsynlegvis løne seg å stoppe avtalen og opprette ei ny. Vi informerer nærare når regelverket er klart.
-
Eg er sjølvstendig næringsdrivande – passar IPS for meg?
IPS eignar seg godt som pensjonssparing for sjølvstendig næringsdrivande. Dersom du har lønn under 7,1 G (for tida kr 719.592), er det lurt å velje IPS framfor tenestepensjon. Har du lønn over 7,1 G kan du ha begge delar.
-
Kva skjer med IPS-sparinga mi dersom eg blir ufør eller døyr?
Dersom du blir ufør kan utbetalinga byrje tidlegare, men hugs at pengane skal utbetalast fram til du er minst 77 år. Når nokon døyr, fell restbehaldninga på dei etterlatne – anten som barnepensjon eller som etterlatnepensjon.
-
Kva skjer med IPS-sparinga mi dersom eg blir skild?
Ved skilsmål blir behaldninga halden utanfor felleseige.