Omsynet til miljø, sosiale utfordringar og god eigarstyring har lenge vore ein viktig del av Eika sin investeringsstrategi. No blir den berekraftige satsinga trappa opp ytterlegare i Noreg og Norden, fortel investeringsdirektør Alexander Miller.

- Heilt sidan 2010 har vi luka bort selskap som ikkje oppfyller krava våre til ESG, og i åra framover vil berekraft vera ein større del av selskapsanalysane vi gjer. Det er viktig å gje kundane våre eit innblikk i dette arbeidet. At det er mogleg å investera i selskap som bidreg til å gjera verda til ein betre stad, forklarer Miller.

 

ESG: Lønnsam og ansvarleg investering

ESG står for Environmental, Social and corporate Governance og handlar om å ta omsyn til miljø, sosiale utfordringar og god eigarstyring i ei investeringsavgjerd. Ein god ESG-strategi gjev ei berekraftig og langsiktig avkasting. Eit selskap sin ESG-profil inngår alltid som eitt av kriteria når Eika Kapitalforvaltning gjer ei investeringsavgjerd.

 

Sjekk fonda våre og start sparing i Smartspar

 

Saman kan vi påverka

For deg som privatperson og fondsparar betyr det at du kan velja å setja sparepengane dine i fond som utgjer ein skilnad. Forvaltarane i Eika sine «lokale» fond – Eika Noreg, Eika Norden og Eika Spar (link til fondssparesida) – påverkar bedrifter i lokalmiljøet ditt og selskap i heile Norden til å fokusera på berekraft
- Du og investeringa di blir på den måten ein del av den kollektive «stemma» til fondet. Her står vi saman om å påverka selskapa vi har investert i, forklarer han.

 

Difor investerer vi ikkje i kva som helst

 

Finn morgondagen sine vinnarar

Det etiske aspektet er viktig, samtidig skal det sjølvsagt lønna seg å spara i Eika-fond. Alexander Miller meiner at satsinga på berekraftige selskap ikkje går på bekostning av lønnsemd.

 

- Vi er på jakt etter morgondagen sine vinnarar. 

 

Det kan til dømes vera fornybar energi, selskap som produserer alternativ til kjøtt, eller bedrifter som utviklar nye løysingar når det gjeld emballasje og innpakning av mat, seier han og held fram:

Vi meiner lønnsemd og berekraft går hand i hand, og ser etter selskap som både er lønnsamme og som blir drivne i samsvar med langsiktige og berekraftige mål.

 

Berekraftige investeringar på 1-2-3

  1. Vi ser bort frå selskap som ikkje oppfyller krava våre til ESG.
  2. Vi investerer i berekraftige selskap som vi har tru på, samtidig som vi avdekker potensielle risikoar når det gjeld, til dømes, miljø, etikk og omdømme.
  3. Vi påverkar selskapa til å ta omsyn til alle aspekt ved ESG i verksemda si.


Høg avkasting – og gode investeringar

Hovedformålet med å investera i ulike selskap i Noreg og Norden er å gi deg best mogleg avkasting på sparepengane dine. 
- Det er eit ansvar eg føler vi tar vare på gjennom satsinga på berekraftige investeringar i Noreg og Norden. Kundane våre skal kunna sova godt om natta – vel vitande om at sparepengane deira er i dei beste hendene, avsluttar Miller

 

Appen Smartspar gjer det enkelt å spara

Logg inn og få full oversikt. Du treng ingen forkunnskapar, vi hjelper deg å velja fond. Du kan oppretta sparing til deg sjølv eller barna, og invitera andre til å bidra.

 

 

Dette er Eika Kapitalforvaltning

  • Er eigd av 66 sparebankar i Eika Alliansen.
  • Selskapet har 26 tilsette der 10 er forvaltarar.
  • Har cirka 125.000 privatkundar.
  • Har ein forvaltningskapital på over 50 milliardar der ni milliardar er i privatmarknaden.
  • Forvaltar 13 fond, der fleirtalet er aksjefond. I tillegg opererer selskapet med cirka 160 eksterne fond.