Aktuelle spørsmål
-
Kva er fordelane med refinansiering?Ved å refinansiera kan du samla fleire forbrukslån og kredittkortgjeld til eitt lån med betre vilkår. På denne måten får du lågare gebyr- og rentekostnader, ein enklare faktura å ta omsyn til og betre oversikt over økonomien din.
-
Kva er eit forbrukslån til refinansiering?Refinansiering ved hjelp av eit forbrukslån betyr at du tek opp eit nytt lån for å betala ned eksisterande gjeld frå f. eks fleire andre usikra lån eller kredittkort, som kan ha høgare renter og gebyr. På denne måten får du lågare månadlege kostnader og betre oversikt og kontroll over gjelda di.
-
Korleis søkjar eg om refinansiering?Du kan søkja om refinansiering ved å senda ein uforpliktande lånesøknad digitalt eller ta kontakt med oss for ein rådgivarprat. Får du søknaden innvilga kan du signera lånedokumenta elektronisk med BankID. Lånet vil normalt utbetalast innan 1 vyrkedag. I nokre tilfelle treng me å innhenta fleire opplysningar frå kreditorane dine og utbetaling kan først skje etter nokre få vyrkedagar.
-
Kva blir vurdert under søknaden?Under søknadsprosessen blir det gjort ei kredittvurdering basert på økonomien din. På bakgrunn av denne fastset me renta me kan tilby deg og vurderer di evne til å betala tilbake lånet. Under kredittvurderinga ser me mellom anna på inntekta di, gjeld, betalingshistorikk, og tilsetjingsforhold.
-
Kven kan søkja om refinansiering?I prinsippet kan alle som har eksisterande gjeld, som smålån eller kredittkortgjeld, søkja om refinansiering. Sjansane for å få innvilga søknaden aukar dersom du har stabil inntekt og ingen betalingsmerknader.
-
Kva kostar det å refinansiera?Hos oss får du ei individuell rente på lånet tilpassa den heilskaplege vurderinga av økonomien din. I tillegg får du eit etableringsgebyr på 650 kr og eit termingebyr på 40 kr. Disse kostnadene er inkluderte i den effektive rentesatsen på lånet.