1. Kva er eigenkapital?

    Eigenkapital er pengane du har spart opp som du kan bruke som ein del av betalinga for bustaden din. Banken vil vanlegvis krevje at du har 15 prosent av kjøpesummen i eigenkapital før du får eit bustadlån. Jo meir eigenkapital du har, jo mindre vil du måtte låne, og jo lågare vil renta vere.
  2. Kva er lånebeløp?

    Lånebeløp er summen du ønskjer å låne frå banken for å kjøpe bustaden din. Det er viktig å tenkje nøye gjennom kor mykje du vil låne, og kor mykje du faktisk har råd til å betale tilbake kvar månad. Hugs at du også vil ha andre utgifter som straum, kommunale avgifter, forsikring og vedlikehald av bustaden din.
  3. Kva er rente?

    Rente er prisen du må betale for å låne pengar frå banken. Renta vil variere frå bank til bank og er mellom anna avhengig av kor mykje du låner, og over kor lang tid du ønskjer å betale tilbake lånet. Det er viktig å samanlikne rentene frå ulike bankar før du bestemmer deg for kva for ein bank du vil låne frå.
  4. Kva er fast og flytande rente, og kva er skilnaden?

    Du kan velje mellom fast eller flytande rente når du tek opp eit bustadlån. Med fastrente betalar du det same kvar månad, sjølv om renta i marknaden svingar. Med flytande rente vil innbetalingane variere i takt med renta i marknaden. Om økonomien din toler at det varierer litt, er flytande rente det mest lønsame valet over tid.
  5. Kva er nedbetalingstid?

    Nedbetalingstid er den tida det tek deg å betale tilbake lånet ditt. Jo lengre nedbetalingstid du vel, jo lågare vil dei månadlege betalingane vere, men samtidig vil du betale meir i renter på lang sikt. Det er viktig å finne ei nedbetalingstid som passar deg og økonomien din.
      

Å kjøpe den første bustaden kan verke som ei stor utfordring, men med litt kunnskap og forståing av bustadlån kan det faktisk vere ganske spennande og kjekt.

Hos oss kan du kome innom for ein prat – fysisk eller digitalt. Vi rettleier deg gjennom bustadjungelen og hjelper deg med å finne ei løysing som passar for deg og din økonomi. Og ønskjer du å ta med mamma eller pappa på ein bustadprat, er dei sjølvsagt velkomne, dei også!

Les meir om vårt bustadlån