Koronapandemien

Kva dekkjer reiseforsikringa?

Har du helårs reiseforsikring?

Oppdatert informasjon om kva reiseforsikringa dekkjer iht. koronasituasjonen

Frå og med 5. juli opphevar Utanriksdepartementet reiserådet for EØS/Schengen, Storbritannia, samt for dei landa på EU si tredjelandsliste som FHI vurderer som trygge. Dette betyr at frå denne datoen, og i desse landa, vil reiseforsikringa gjelde som normalt for alle, også for dei som enno ikkje er vaksinert.

Utanlandsreiser
Eika Forsikring følgjer framleis Utanriksdepartementets reiseråd, som rår mot reiser som ikkje er strengt nødvendige, til alle andre land omfatta av reiseråd, fram til 5. juli. Vel du å reise likevel, vil den heilårlege reiseforsikringa di gjelde som normalt, men ikkje for koronarelaterte hendingar i område der det gjeld reiseråd, sjølv om du er vaksinert. UDs reiseråd finn du her: https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/reiseinformasjon/id2413163/

Reiser du til eit land etter at reiserådet er oppheva, vil også skadar som har samanheng med koronasituasjonen vere omfatta. Ver likevel oppmerksam på at forsikringa ikkje omfattar framskunda heimreise eller tapte feriedagar dersom ferien må avbrytast som følgje av endringar i smittesituasjonen, eller det kjem nye reiseråd.

Avbestilling av utanlandsreiser
Vi dekkjer avbestilling dersom det ved utreisetidspunktet er eit reiseråd frå Utanriksdepartementet, forutsett at det ikkje forelå reiseråd når reisa blei bestilt.

Avbestilling av innanlandsreiser
Vår heilårs reiseforsikring omfattar avbestilling dersom du skulle bli akutt sjuk. Forsikringa er også utvida slik at den no også omfattar avbestilling av fritidsreiser dersom du ikkje får reist fordi du sit i pålagd smittekarantene. Utvidinga gjeld med avreise frå og med 31. januar 2021, til og med 31. august 2021.

Føresetnadene for utvida dekning:

  • Utlegget er ikkje refunderbart av reisearrangør.
  • Du er sjuk eller har symptom som er stemmer med koronasjukdom og skal i karantene iht. retningslinjene til FHI
  • Du eller nokre i medforsikra familie blir pålagd karantene av smittesporingsteam eller offentlege helsestyresmakter
  • Når din einaste medreisande blir pålagt slik karantene
  • Dette må kunne dokumenterast

Utvida dekning for avbestilling gjeld ikkje ved:

  • Frykt for smitte
  • Innreisekarantene etter utanlandsopphald
  • Utlegg som er refunderbart av reisearrangør

Har du reiseforsikring gjennom kredittkortet ditt?

Dette bør du vite om kredittkortforsikringa viss du planlegg ein ny utenlandstur

Smittesituasjonen i Europa og verda gjer at ein bør unngå å reise. Det som gjer situasjonen uviss akkurat no er blant anna at land og regionar raskt kan gå frå gult til raudt. Vi anbefaler derfor at ein framleis har litt is i magen når det gjeld bestilling av reise.

For å kunne avbestille ei reise utan at du eller nokre i reisefølgjet er sjuk, treng du ei ordinær heilårs reiseforsikring. Kansellering grunna Covid-19 vil ikkje vere dekte av kredittkortforsikringa, men av den heilårlege reiseforsikringa.

Spesielle reglar som gjeld for kredittkortet
Alle kredittkorta våre blir leverte i samarbeid med Mastercard og følgjande gjeld ved reklamasjon under naturkatastrofar, regionale tragediar eller globale hendingar (informasjonen er under løpende oppdatering): 

  • Du kan reklamere på varer eller tenester du har kjøpt med kortet som ikkje er levert til avtalt dato. Det vil seie, at du kan reklamere blant anna på reiser som er kansellert dersom reiseselskapet ikkje innvilgar refusjon. Det same gjeld for billettar til ulike arrangement dersom arrangøren ikkje refunderer billettkostnadene.

Flyreise jfr. forbrukarrådet si nettside
Dersom ei flyreise blir innstilt eller kansellert, har du valet mellom refusjon av billettkostnaden for den delen av reisa du ikkje får nytta, eller ny reise på eit seinare tidspunkt. Dette gjeld uansett årsak til at flyet blir innstilt. Flyselskapet kan ikkje sjå bort frå desse rettane. Du har også krav på forseinkingsrente rekna 7 dagar frå du kravde refusjon til kravet blir betalt. Forseinkingsrente må du krevje særskild.

Førebels gjeld følgjande i samanheng med koronautbrotet (informasjonen blir kontinuerleg oppdatert)

  • Ved legeordinert karantene eller sjukdom dekkes avbestilling av reise, dersom karantenetida/sjukdom hindrar avreise.
  • Avbestilling som følgje av UD sine reiseråd blir ikkje dekt av denne forsikringa. 

Vi anbefaler deg å ta ein titt på forsikringsvilkåra våre og gjere deg kjend med dei ulike dekningane. Lurer du på kva forskjellen er mellom dei ulike reiseforsikringane? Ta ein titt på dekningssamanlikninga vår.

Treng du å melde skade, kan du enkelt levere skademelding på nett.

Spørsmål og svar om din reiseforsikring via kredittkortet