Når det er snø og kaldt, er det ein del ekstra å tenka på når ein har kjæledyr. Mange tenker kanskje at hunden og katten har jo pels, så dei frys ikkje. Men det stemmer ikkje - dei kan frysa like mykje som oss, og kan pådra seg skadar i kulda.

1. Påkledning etter vêr og vind:
Kle både deg sjølv og kjæledyret ditt etter vêr og vind. Hunder er av ulik storleik og har variert tykkelse og tettleik på peisen, som gjer at det er stor forskjell på kor godt hundar toler kulde. Ein liten hund taper meir varme enn ein stor hund, og ein hund med tjukk pels isolerer varme på ein betre måte enn hundar med tynn pels. Vurder om hunden din treng isolerande potesokkar og/eller dekken på tur.

2. Refleks:
Vinteren er mørketid, og det er viktig for både to- og firbeinte å gjera seg godt synlege i mørket. Det finst stort utval av ulike refleksar til både hundar og menneske på marknaden.

3. Vegsalt:
Vegsalt tørkar ut potane som fører til sprekkar, og når det kjem salt inn i sprekkane vil det svi. Det er derfor viktig å skylja eller tørke potane godt etter ein tur på saltet veg. Eventuelt bruka potesokkar for å verna. Dersom hunden din får tora sprokne potar, bør du bruka potesokkar på tur og smørja potane med ei feit potesalve inntil dei er betre.

4. Snø og is:
Både hundar og kattar kan få klumpar av snø som sit fast i pelsen mellom tærne. Dette kan forhindrast ved å klippa vekk pelsen som stikk ut mellom tærne, eventuelt bruka potesokkar for å forhindra danning av snøklumpar. Frostskadar kan òg finnast, og spesielt utsett er potar, pung, haletipp, øyre og nase. For å hindra frostskadar er det lurt å bruka dekken, potesokkar eller potesalve og liggeunderlag på tur, men også unngå å la hunden ligga bunde fast ute eller i ein kald bil over tid.

5. Unngå overvekt:
Viss du veit at kjæledyret ditt har redusert aktivitetsnivå om vinteren, er det lurt å velja eit passande fôr ut ifrå alder og aktivitetsnivå