Slik endrar du pålogging

Endre til PIN-kode i nettbank

  • Gå inn i nettbanken og vel innstillingar
  • Vel mobilbank
  • Vel endre til iPhone eller Android
  • Vel endre pin
  • Sjekk at mobilnummer stemmer, og lag PIN-kode
  • Godkjenn endringa med BankID

Endre til PIN-kode i mobilbank

  • Logg inn i mobilbanken og vel ikonet øvst i høgre hjørne med menneska (iOS) eller dei tre prikkane (Android)
  • Vel «Meld inn ny avtale»
  • Vel den identifiseringsmetoden du ønskjer for å lage ny PIN-kode og følg instruksjonane
  • VIKTIG: Huk av for «Hugs meg»

Fingeravtrykk eller FaceID (attkjenning av ansikt)

  • Du må ha lasta ned mobilappen frå AppStore eller Google Play og ha endra pålogging til PIN-kode (ovanfor finn du instruksjonar om korleis du gjer dette) før du kan endre til fingeravtrykk eller FaceID
  • Trykk på menyen øvst i høgre hjørne
  • Vel «Innstillingar» nedst i menyen
  • Vel «Bruk FaceID» eller «fingeravtrykkspålogging» i punktet i menyen.
  • Godkjenn med FaceID eller fingeravtrykk