Tre fordelar med å betale i Vipps:
Du slepp å taste KID-nummer.
Du får varsel i Vipps når ei ny rekning kjem.
Det er lettare å betale i tide.
Slik gjer du det
Dersom du ikkje allereie får rekningar i Vipps, er dette alt du treng å gjere for å kome i gang:
- Gå inn på profilen din og sjekk at «Vis rekningar i Vipps» er slått på. Då vil rekningane dine dukke opp i appen.
- Sørg også for at «Alltid Vipps eFaktura» er aktivert. På den måten slepp du å inngå individuelle avtalar med kvar enkelt bedrift, og du aksepterer samtidig at alle du skuldar pengar kan sende deg Vipps eFaktura. Dei same innstillingane vil bli aktiverte i nett- og mobilbanken din.
Skann papir- og e-postfakturaer i Vipps
Av og til kjem det også papirfakturaer – eller ein faktura i eit vedlegg på e-post. Vipps gjer det enkelt, anten rekningane kjem i nettbanken, på e-post eller i posten. Papirfakturaer kan du skanne via appen – du fyller inn rett beløp, vel dato og betalar.
Slik gjer du det
- Trykk på Skann på hovudmenyen, byt til rekningar nederst på skjermen og ta bilete av rekninga.
- Stadfest kontoen du skal betale til og KID, og skriv til slutt inn beløpet.
Rekninga du betaler dukkar som vanleg opp under Kvitteringer i appen og i nett- og mobilbanken - enkelt og greitt!