AvtaleGiro
-
Kva er avtalegiro?
Med AvtaleGiro slepp du å tenkja på dei faste rekningane som telefon, straum, offentlege avgifter og husleige. Banken ordnar betalinga for deg. Rekningane blir betalt til rett tid, utan at du mistar kontrollen over kontoen din..
Tenesta er den enklaste og mest problemfrie måten å betala rekningar på. Du slepp å hugsa på forfallsdatoar. Det einaste du treng å passa på, er at det er pengar på kontoen.
-
Korleis opprettar eg ei AvtaleGiro-avtale?
Du blir automatisk spurd om du ønskjer AvtaleGiro når du betalar ei rekning i Nettbank til ein mottakar som tilbyr det. Du kan då oppretta avtala der og då, og litt avhengig av frekvens går neste betaling automatisk som AvtaleGiro. .
Viss du tidlegare har takka nei til eit tilbod om AvtaleGiro, kan du framleis finne tilbodet ved å gå inn på "Betalingar", "Betalingsavtaler" og vel "AvtaleGiro" øvst på sida. Her vel du "Opprett ny" ved å trykkje på dei tre strekane oppe til høgre på sida.
Finn du ikkje tilbodet her, kan du inngå avtala via nettsidene til AvtaleGiro: https://www.avtalegiro.no/Privat/Pages/default.aspx. Følg lenkja og trykk på "Inngå avtale her og no!".
Du kan velje å få varsel anten via betalingsoversikta (månaden før forfall) eller be om varsel direkte frå betalingsmottakaren.
I mobilbanken:
Gå til Meny‐> Betalingar‐> Betalingsavtaler ‐> Opprett ny avtale ‐> du kan velje mellom Ny fast overføring, ny fast betaling, ny AvtaleGiro eller ny eFaktura‐avtale.
-
Hvor finner jeg fakturagrunnlaget for AvtaleGiro?
Fakturagrunnlaget mottar du i kanalen du har avtalt med betalingsmottaker. Du kan kombinere avtalegiro med eFaktura, se punkt "Kombinert eFaktura og AvtaleGiro"
-
Korleis slettar eg AvtaleGiro?
I nettbanken:
Gå inn på "Betalingar" i menyen til høgre, trykk på "Betalingsavtaler" og vel "AvtaleGiro" øvst på sida. Her trykkjer du på dei tre prikkane ute til høgre for den avtala du ønskjer åsletta, og vel "Slett avtale".
I mobilbanken:
Gå til Meny‐> Betalingar‐> Betalingsavtaler ‐> Trykk inn påavtala du øskjer å sletta, og vel "Slett".
-
Kombinert eFaktura og Avtalegiro
Somme utferdarar tilbyr kundane sine ein kombinasjon av eFaktura og AvtaleGiro. Med ein slik kombinasjon blir eFakturaen framleis send med fakturadetaljane direkte i nettbanken din og lagra der, men du slepp å godkjenna betalinga, sidan faktura blir automatisk betalt på forfallsdato med AvtaleGiro og pengane trekte på konto. For eFakturaen får du i slike tilfelle berre fakturagrunnlag i eFaktura-krava.
Du har framleis full kontroll over rekningane og finn lett att betalte rekningar. Hjå somme leverandørar må ein setja opp denne kombinasjonen for å sleppa fakturagebyr.