Unngå valutafella - vel alltid lokal valuta i utlandet!

Du har kanskje stått i situasjonen sjølv. Du er på ferie og handleturen går til lokalbutikken på hjørnet for å kjøpa nye strand handklede, deretter til næraste minibank for å ta ut pengar for drosjeturen ned til stranda. I det du set kredittkortet i betalingsterminalen eller minibanken, får du opp spørsmålet om du ynskjer å betala i norske kroner eller i lokal valuta. Kva vel du?

Rett svar er sjølvsagt lokal valuta. Vi ynskjer å hjelpa deg å ta gode val når du er på ferie. Mange vel enno å betala i norske kroner i utlandet, noko som gjer ferieturen unaudsynt dyr. Betalar du i norske kroner er det dei lokale brukarstadane som står for vekslingen, ofte til ein høg og ugunstig kurs for deg som kunde. Ved å betala i lokal valuta, får du med kredittkortet ditt best mogleg vekslingskurs som blir sett av Visa.
 

Slik vel du riktig:


La oss si at du er i Spania og treng å ta ut Euro.

1 . Set inn kortet i minibanken og tast PIN-kode
2 . Vel ynskt uttaksbeløp
3 . Ved spørsmål om å konvertera/veksla i NOK eller EUR. Vel alltid lokal valuta (EUR). Vi veit det er forvirrande når alt står på engelsk, men husk å alltid velja Decline convertion / Continue without convertion sjølv om knappen innimellom kan stå i raud.

Vel du feil kan det kosta deg fleire hundrelappar i unødvendige vekslingsgebyr.

Og du, hugs at det er gebyrfritt å ta ut lokal valuta i minibank når du bruker kredittkortene våre i utlandet. Nokre minibankar kan ha eigne gebyr for det, så les nøye informasjonen på skjermen.

I tillegg er alle uttak rentefrie i inntil 45 dagar. Veljar du å nedbetala ferien over fleire månader vil det påløpe renter. Valutapåslag tilkjem på alle kjøp betalte i lokal valuta med bank- eller kredittkort.


God tur!