Det kan vere lurt å bruke litt ekstra tid på å sikre huset før ein reiser bort. Slik kan ein unngå å kome heim til ein endevend eller skadd heim.
- Sørg for at alle dører og glas er låste.
- Ikkje legg igjen nøkkel til huset under dørmatte, i blomsterpotter eller annan stad utanfor huset.
- Skru på bustadalarmen før du reiser.
- Få huset til å sjå bebodd ut.
- Høyr med naboen om dei kan ta inn posten for deg.
- Steng hovudstoppekrana, for å unngå å kome heim til eit vasskadd hus.
- Ikkje reis frå huset ditt med alle lys på. Har du smartplugg med timar kan du stille den inn til å skru på lys av og til.
- Ver forsiktig med sosiale medier. Det er aldri lurt å annonsere at du er bortreist for fleire enn vennene dine.