Det er sjølvsagt freistande å bruke ferie- og skattepengar på ei avslappande reise eller noko du har ønskt deg lenge. Og det skal du sjølvsagt gjere. Men kva med å så eit lite frø i eit fond, og la sparepengane vekse?

LES OGSÅ: Slik bør du bruke feriepengane

Få meir igjen av den langsiktige sparinga di
Realiteten i dagens marknad er at du ikkje får så mykje igjen ved å setje sparepengane på konto. Rentene er no veldig lave, og etter inflasjon vil du faktisk tape kjøpekraft ved å spare på bankkonto.
Derfor bør deler av den langsiktige sparinga di sparast i aksjefond.

LES OGSÅ: Ikkje set for mykje pengar på sparekonto

Eit aksjefond består av aksjar frå fleire selskap. Eika Kapitalforvaltning er fondsselskapet som handterer dette for lokalbanken. Desse kan mykje om utviklinga i marknaden og i samfunnet.
Ved å spare i aksjefond får du dermed ein som er spesialist på aksjemarknaden til å velje aksjar for deg. Deira jobb er å setje saman ein portefølje som skal gi best mogeleg avkastning til lågast mogeleg risiko.

LES OGSÅ: Slik blir pengane dine investerte

Tenk langsiktig
Sparing i aksjefond er ei spareform som blir tilrådd for deg som har ein sparehorisont på fem år eller meir. Grunnen til dette er at marknaden svingar, og dermed svingar verdien av aksjefondet ditt. Over tid svingar det meir opp enn ned i aksjemarknaden, og derfor lønner det seg å vere langsiktig.
Eit anna ord for desse svingingane er risiko.
- Mange synest dette med risiko er skummelt, men risiko og avkastning heng saman, seier Christian Vestengen i Eika Kapitalforvaltning.
- Sparer du med låg risiko får du låg avkastning, og sparer du med høg risiko har du moglegheit til å få ei høgare avkastning, forklarer Vestengen.

Historisk sett viser det seg også at aksjesparing lønner seg. Gjennomsnittleg avkastning på Oslo Børs har dei siste ti åra vore 11 prosent, og dei siste 20 åra har ho vore på 14 prosent. Dette er vesentleg høgare enn ved banksparing.

Spar litt kvar månad
Med en spareavtale sparer du ein sum kvar månad, og du fastset sjølv kor stor denne er. Som ny sparar kan det vere greitt å begynne i det sm¨å, men etter kvart vil du kanskje spare meir - eller mindre. Dette vel du heilt sjølv.
- Vi tilrår nye kundar å gå sakte inn i marknaden, og ein spareavtale er ein fin måte å gjere dette på, fortel Vestengen.
Med ein spareavtale med månadlege trekk ven du deg raskt til å spare, og etter kvart tenkjer du ikkje lenger over det.

No har det i tillegg blitt enda enklare både å spare og å følgje med på fonda via mobilbanken. Ved hjelp av to enkle knappar kan du no starte sparing, eller auke sparinga.
Er du usikker, kan du alltid ta kontakt med kunderådgivaren i banken din for gode råd om korleis du bør spare.