Pga auka smittetrend i Valle, hev Valle Sparebank som eit førebyggjande tiltak, avgjord at me frå og med tysdag 28. desember stengjer banken for "dropin"-besøk.
 Avtala kundemøte går som opprinneleg planlagd.

Korleis kontaktar du oss?

Vi ber deg sende oss mest mogeleg på e-post eller via meldingar i nettbanken din. Vi er også tilgjengeleg på telefon, men det må reknast med lenger ventetid en normalt.

Sender du saker som hastar eller viktig informasjon ynskjer vi at du merkar tydeleg med HASTAR i emne-feltet. E-posten sender du til din rådgjevar eller til post@valle-sparebank.no

Vi er tilgjengeleg på telefon 379 36 060 i bankens normale opningstid no i romjola kl 10.00 - 14.00. Etter dette vil telefonen vere ruta til Eika Kundesenter. Hugs at dei også vil ha noko lenger svartider en normalt og at opningstida vert redusert.

Planlagde kundemøter

Har du allereie ein avtale med ein rådgjevar i banken vil vi kontakte deg for å høyre om du eller nokon i din husstand har symptom på influensa eller har vore i risikoområder. Ved høve kan vi avtale møte pr telefon.

Normal drift i banken

Bankens drift vil elles gå som normalt med kundeservice på telefon, e-post og andre kanalar. Våre leverandørar i Eika, it-drift osv. har gode beredskapsplanar og vi forventar normale leveransar herifrå.

Har du giroar som skal betalast manuelt i kassa, ber vi deg levere giroen ferdig signert via brevluka ved minibanken, så ordnar me resten. Hugs at du kan bruke minibanken/innskotsautomaten som vanleg og at mykje kan ordnast via nett-og mobilbank. 

Me ynskjer å gjera vårt for å hindre smittespreiing.