For å syte for at bedrifta lukkast i vekstfasen bør du særleg fokusere på dette:

1. Skaff kapital 
Skal du skape vekst må du investere, og til det treng du kapital. Det første steget er å syte for at du har midlar til å gjennomføre måla bedrifta di har definert i forretningsplanen.
  • Større investeringar i eigedom, maskiner eller utstyr krev kapital – kontroller at du har midla som skal til.
  • Likviditeten er gjerne pressa når bedrifta er i vekst. Kassakreditt eller fleksible finansieringsløysingar kan vere gode hjelpemiddel i denne perioden.
  • I ein vekstperiode kan det lønne seg å lease utstyr framfor å kjøpe det. På denne måten bind du ikkje kapital eller pantegrunnlaget til bedrifta i banken. I tillegg blir alle utgifter knytte til leasing kostnadsførte over drifta, noko som gjer det enklare å setje opp eit realistisk budsjett. 
Er du usikker på om bedrifta di har kapital nok til å gjere investeringar, eller er du usikker på om du bør kjøpe eller lease? Vi hjelper deg gjerne!

2. Tilset fleire
Skal bedrifta vekse er det som regel behov for fleire tilsette. Dersom bedrifta di vurderer å tilsette fleire er det føremålstenleg å sjå på kva for kostnader som er knytte til rekruttering, og kva for kostnader som er knytte til ein ny tilsett. 
I tillegg må bedrifta di få oversikt over kva for produkt som er lovpålagde og vurdere om det kan vere føremålstenleg med ekstra forsikringar – mellom anna for å halde sjukefråværet nede. 

Lovpålagde produkt:
  • Alle bedrifter med to eller fleire tilsette er pålagde ved lov å spare til pensjon (OTP) for dei tilsette
  • Alle bedrifter pliktar å ha yrkesskadeforsikring dersom nokon blir sjuke eller skadar seg i arbeid
Nyttige produkt:
  • Ei personalforsikring byggjer på den lovpålagde yrkesskadeforsikringa, og er ein ekstra tryggleik for både den tilsette og arbeidsgivaren dersom noko uføresett skulle oppstå. Eit døme på dette er gruppelivsforsikring.
  • Ei helseforsikring kjem svært godt med for både bedrifta og dei tilsette – særleg for å unngå langtidssjukmelding og få den tilsette raskare tilbake i arbeid
Lurer du på kor mykje det kostar å tilsette ein ny medarbeidar?
Budsjett ansettelse ny medarbeider
Vi har laga eit forenkla reknestykke.
 
3. Finn større lokale
I ein vekstfase er det naturleg at bedrifta må flytte på seg eller utvide lokala sine. Dersom bedrifta di går med flyttetankar eller tankar om å utvide, er det lurt å tenkje gjennom dette:
  • Kor store lokale treng bedrifta og kva er det behov for som ikkje blir dekt i dag?
  • Heng ønsket om nytt lokale eller utviding av lokalet saman med forretningsplanen?
  • Kva for fasilitetar treng de? Døme på fasilitetar er mellom anna talet på møterom, lager, parkering og profilering.
  • Kan flytting til nye lokale påverke bedrifta negativt, i form av til dømes synlegheit, tilgjenge eller tilkomst for leverandørar?
  • Kjem utvidinga av lokala eller nye lokale til å dekkje behovet også i framtida?
  • Har dei nye lokala restriksjonar som kan bli til hinder for bedrifta? Døme på dette er støy, utslepp eller vern. 
Hugs at flytting skal meldast på altinn.no og at adresseendring må meldast til Posten.