Bruk sunn fornuft
Det er mogeleg å gjere gode kjøp på FINN, men er tilbodet for godt til å vere sant eller du får ei kjensle av at noko ikkje stemmer, bør du vere ekstra på vakt. Undersøk saka nærare, og ikkje la deg stresse til å gjennomføre ein handel eller til å gi frå deg personopplysningar, slik som passord, fødsels- og personnummer, kredittkortnummer og liknande.

Bruk FINN trygg betaling eller møt seljaren fysisk
Du bør unngå forskotsbetaling. Dersom du ikkje har høve til å møte seljaren fysisk bør du bruke FINN trygg betaling. Hovudregelen er at du ikkje bør betale for ei vare før du har fått ho, eller før begge er forplikta gjennom trygg betaling.

Ved å bruke FINN trygg betaling blir kjøpesummen ståande på ein depositumskonto hjå FINN sin partnar Schibsted Payment, fram til kjøparen har teke imot vara og godkjent transaksjonen. Dette er tryggare for både kjøpar og seljar enn vanleg forskotsbetaling, eller ved postoppkrav.

Bruk aldri Western Union, MoneyGram International eller andre usikre betalingsmetodar, og ver særleg på vakt overfor utanlandske seljarar som foreslår at de kan bruke eit transportfirma eller liknande som mellommann.

Ver forsiktig med personlege opplysningar
Gi aldri kredittkortnummer, personnummer, innloggingsinformasjon eller andre sensitive opplysningar til framande.

Sjølv om kjøparen og seljaren har trong for å vite kven dei handlar med, bør du ikkje ukritisk oppgi personopplysningar til framande. Det er vanlegvis trygt å oppgi namn, adresse og telefonnummer, og dersom du brukar FINN betalingsgaranti er det ikkje nødvendig å oppgi andre opplysningar til motparten. Når ein nyttar betalingsgarantien blir kjøparen og seljaren sitt kontonummer oppbevart konfidensielt, slik at det ikkje er fare for misbruk.

Ver òg på vakt dersom du får e-postar der du blir bedt om å oppgi brukarnamn/passord, eller får melding om å følgje ei lenkje for å verifisere kontoopplysningane dine. Seriøse nettstader sender aldri slike e-postar, og dersom du får slike e-postar bør du varsle nettstaden det gjeld.

Hald dialogen på FINN – ikkje utanfor

Eit generelt råd er at du bør vere skeptisk dersom ein kjøpar ønskjer å ta dialogen vekk frå FINN.no.

Dersom nokon sender deg SMS og ber deg svare på e-post, er det viktig å opplyse om at dialogen bør vere via FINN.no sine system.

Dersom du annonserer med fullt namn og adresse kan det føre til at du blir kontakta utanfor FINN sitt meldingssystem. I verste fall kan personar med uærlege motiv søkje opp namn og adresse på internett, og deretter få direkte kontaktopplysningar til deg som annonsør. Ønskjer du å unngå dette kan det vere lurt å berre annonsere med førenamn og postnummer. Det gjer det tryggare både for kjøparen og seljaren.

Legg ikkje ut annonsar på vegner av ukjende
Hugs at du er fullt ut ansvarleg for innhaldet i annonsar som du legg ut.

Dersom du opprettar brukarprofilar eller legg ut annonsar på vegner av andre, risikerer du både erstatningsansvar og straff for medverknad dersom annonsane viser seg å vere svindel. Blir du kontakta av nokon som ber deg leggje ut annonsar for dei, bør du avbryte all kommunikasjon.

Kjøpskontrakt
Skal du kjøpe eller selje noko på FINN, er det alltid tryggare å sikre sine eigne interesser, slik at kjøpet eller salet går knirkefritt.

Ein av måtane å syte for dette på er å signere ein kjøpskontrakt som inneheld kontaktopplysningane til kjøparen og seljaren, i tillegg til produktet sin tilstand når kjøparen overtek det.

Skal du kjøpe bil av ein privatperson finst det ein integrert, elektronisk kontrakt på FINN.no som blir fylt ut automatisk. Tenesta blir levert i samarbeid med Swiftcourt, og du finn ho rett under «Send melding»-knappen inne på kvar einskild annonse.

For dei andre marknadene tilrår vi å ta ein titt på nettsidene til Forbrukarrådet som inneheld kjøpskontraktar innan fleire kategoriar – både hus, tenester, ting og dyr.

Råd til deg som skal selje
Dersom du skal selje noko på FINN, skal du ikkje gi frå deg vara du sel utan at du er heilt sikker på at du har fått pengane. Det er mogeleg å forfalske kvitteringar eller stoppe ein transaksjon, så ver sikker på at du har fått pengane.

Dersom du følgjer råda ovanfor, anten som kjøpar eller seljar, er du alltid trygg når du brukar FINN.no.