Norsk bærekraftbarometer har for fyrste gong målt kor berekraftige norske bedrifter er, sett frå kunden sin ståstad.

- Denne kåringa stadfestar at vi har eit fantastisk utgangpunkt, seier nytilsett konserndirektør for berekraft i Eika Gruppen, Marianne Groth.  

- Idéen bak sparebankane er å sikre økonomisk tryggleik, utvikling og livskraft i lokalsamfunnet over tid, både for privatpersonar og lokalt næringsliv. Det er det tydeleg at kundane er klare over og set pris på. At dette kjem akkurat no er veldig gøy, seier Groth.

Ambisjonen til Eika-bankane er å vere Noregs leiande hovudbankar. Det betyr blant anna at vi hjelper privatpersonar og lokale bedrifter å ta gode, berekraftige val for eige verksemd og økonomi – samtidig som vi hjelper kundane med å realisere sine planar, mål og moglegheiter. Bankane yter også til lokal berekraft gjennom dei årlege gåvetildelingane og Lokalverdi-satsinga. I sum tilfører dette norske lokalsamfunn meir ein 200 millionar kroner årleg til allmennyttige formål.  

Denne nye kåringa gjer oss både audmjuke og stolte, og enda meir motiverte for å jobbe vidare for ei berekraftig utvikling  

Meir enn 6 000 norske forbrukarar har delteke i undersøkinga i regi av Handelshøyskolen BI, Barcode Intelligence og Norstat, og dei blei bedt om å vurdere bedrifter dei er kundar hos på berekraft. Vurderinga var delt i tre dimensjonar, og det er særleg på økonomisk berekraft bankane scorar svært høgt. 

Undersøkinga viser også at bank er ein av dei bransjane der kundane si oppfatning av berekraft har ein tydeleg påverknad på vala dei gjer som kundar og kundelojaliteten deira. Banker som ikkje blir oppfatta som gode på berekraft vil med andre ord vere mindre attraktive for kundane. Det er ingen grunn til å tru at dette blir mindre viktig framover. 

Les meir om Norsk bærekraftbarometer.