Våren er høgsesong for kjøp og sal av bustader. Kanskje er du ein av dei som akkurat no sit og blar deg gjennom prospekt etter prospekt på finn.no.?

Då har du kanskje også lagt merke til ein del forkortingar og uttrykk som ikkje alltid er sjølvforklarande. Kva blir inkludert i eit P-rom? Og kven er desse gjenbuarane som stadig blir nemnt?

Her lommeparløren til deg som er på bustadjakt:

Ulike leilighetstyper:
Andelsleilegheit: Ei leilegheit som er knytt til ein andel i eit burettslag.
Aksjeleilegheit: Leilegheit i ein bustadeigedom som er organisert som aksjeselskap.
Sjølveigarleilegheit: Du har einerett til å bruke sjølve leilegheita, men heile eigedomen blir ått saman med andre seksjonseigarar.

Areal:
P-rom: Primærrom er opphaldsrom i bustaden di, typisk stove, kjøken, soverom, bad, vaskerom og gong.
S-rom: Sekundærrom er uinnreia rom, for eksempel bod og garasje. 
BRA: Bruksarealet er heile arealet innanfor ytterveggane. Samla bruksareal er P-rom pluss S-rom.
BTA: Bruttoarealet er «alt». Alle golvflater, og inkluderte inne- og yttervegger, er med i bruttoarealet.
Fellesareal: Dei delane av eigedomen som ikkje blir disponerte eksklusivt av én seksjonseigar, slik som leikeplassar og trappeoppgangar.

Prisar og kostnadar:
Prisantyding: Prisen seljaren og meklaren forventar å få for bustaden.
Verditakst: Bustaden sin marknadsverdi. Taksten blir satt av ein takstmann.
Fellesgjeld: Det er den gjelda burettslaget har felles. Andel fellesgjeld er den delen av fellesgjelda som kvar enkelt leilegheit står ansvarleg for.
Felleskostnader: Blir ofte kalla husleige «og» dekkjer ting som straum til fellesareal, snøbrøyting og liknande.

Andre ord og uttrykk:
Gjenbuarar: Vert ofte bruk om bygning eller bustad med innsyn til ein annan bustad, for eksempel over gardsrommet i bygårder.
Dokumentavgift: Avgift til staten når eigedomsretten til fast eigedom blir tinglyst. Den blir betalt av kjøpar og utgjer 2,5 prosent av kjøpesummen. Gjeld ikkje ved kjøp av andels- eller aksjeleilegheit.
Energimerking: Ei ordning for å evaluere bygget sin energikvalitet. Går frå A (best) til G (dårlegast).