Hopp til innholdet
Illustrasjon av Vipps-app med fleire bankkort og kredittkort.

Gjer meir med Vipps

  • Betal i butikkar, på nett og mellom vener
  • Vipps mellom Noreg, Sverige, Danmark og Finland
  • Legg alle kort frå oss i appen - det er plass til alle

Utforsk moglegheitene i Vipps!

Nesten alle bruker Vipps til å sende pengar, men visste du om alle dei andre smarte måtane du kan bruke Vipps på?

Legg til alle kort og kontoar frå oss i Vipps

Gjer kvardagen enklare ved å leggje til både korta og kontoane dine frå oss i Vipps. Dette lar deg velje kva for ein konto eller kort du ønskjer å bruke når du skal betale eller overføre, direkte i appen. Slik får du full oversikt og fleksibilitet.

Slik går du fram for å leggje til fleire kort og kontoar:

  1. Vel Meg
  2. Vel Konto og kort
  3. Vel Legg til konto eller Legg til kort
  4. Fyll inn kontonummer eller kortnummer, utløpsdato og CVC (I signaturfeltet på baksida av kortet står det ei tallrekke. Dei tre siste tala i denne rekka er CVC-koden)
  5. Vel Legg til/Registrer

Vel mottakarkort i Vipps

Opplever du forseinkingar når du mottek pengar via Vipps? Ved å velje Visa-kort frå oss som ditt mottakarkort i Vipps-appen, sikrar du at pengane blir overførte på sekundet, uavhengig av om sendaren bruker kort eller konto.

Elles er Vipps kjekt til å logge inn, spleise på utgifter, og betale bruktbil gebyrfritt i samarbeid med NAF og Finn. Vil du vite meir om Vipps? Besøk deira nettsider.

Visste du at?

Ved å velje eit VISA-kort som ditt mottakarkort i Vipps, får du pengane på sekundet når nokon vippser deg frå sitt kort.

Hugs at du kan leggje alle kort og kontoar frå oss i appen! Det er veldig lett å velje kva for eit du skal vippse frå.

Det er plass til alle korta frå oss i Vipps

Spørsmål og svar om Vipps

Vaksne treng BankID, norsk personnummer eller D-nummer, mobilnummer, adresse, Visakort, norsk bankkonto, og e-post. Barn under 15 år treng eigen bankkonto, mobilnummer, og begge foreldres Vipps-profil.

Last ned Vipps-appen og vel "Legg til barn" under profilen. Begge foreldre blir varsla og må samtykke til at barnet kan Vippse andre.

Nei, det er ingen risiko for dobbeltbetaling. Når ei rekning er betalt via Vipps, vil den ikkje lenger vere tilgjengeleg i nettbanken.

Å vippse til utlandet koster 4 % av summen du vippser. Når du skriver inn beløpet du vil sende, beregner Vipps cirka hvor mange norske kroner som blir trukket fra kortet ditt.

Valutakursen du ser i Vipps er fra Norges Bank og viser omtrent hvor mye du blir trukket.

Du vippser i valutaen som brukes i landet som vennen din har bankkonto.

Mer om å vippse til utlandet her; https://vipps.no/vippse-til-utlandet