Så enkelt kan du gjere det

Det skal vere enkelt å vere kunde hos oss. Derfor utviklar vi stadig mobilbanken og puttar ny funksjonalitet inn. Du kan blant anna sjølv administrere mykje rundt korta dine, så slepp du å bruke tid på å ringe oss og be om hjelp. Psst - du kan også gjere dette i nettbanken, dersom du føretrekkjer det.

Sperr kort

Mista kortet?

Ikkje noko problem! No kan du sjølv stengje kortet ditt inntil vidare mens du leiter - det dukkar jo som regel opp. Finn du det ikkje kan du bestille eit nytt kort og stenge det gamle for godt. Gjer det i mobilbanken.

Bestem kvar kortet kan brukast

Redd for å bli svindla?

Gjer det enda vanskelegare for svindlarane med nye sperremoglegheiter på kortet ditt. I mobilbanken kan du velje å sperre kortet for bruk i ulike regionar, og du kan sperre det for netthandel om du ønskjer det. Blir kortet forsøk brukt vil du umiddelbart få melding om det.

 

Sjå PIN-koden

Gløymd PIN-koden?

Det kan skje den beste. Du kan enkelt hente PIN koden din både i mobilbanken og i nettbanken.

 

Dette er også nyttig for deg som nett har motteke nytt kort i posten - hent  PIN koden sjølv, så slepp du å vente på å få koden i posten.