Sals- og marknadsdirektør i Eika Kapitalforvaltning, Karl Otto Gulseth, seier «Vi er takksame og audmjuk over resultatet og kåringa frå kundane våre! Det er viktig for oss å seie at vi ikkje hadde klart dette utan dei dyktige rådgjevarane i bankane. Vi opplever at mange kundar ønskjer å snakke med ein rådgjevar i banken sin for god rettleiing når det gjeld fonds- og pensjonssparing. Rådgjevaren kjenner kundane best og det viktigaste bidraget vårt til dei er blant anna å spele rådgjevaren best mogeleg med gode digitale løysingar og levere gode sluttkundeverktøy som spareappen Smartspar.» 

Vi er takksame og audmjuke over resultatet og kåringa frå kundane våre!  

 

Konkurransen om kunden er stor og tillit er noko som må skapast over tid så det er ingen grunn til å slakke tempo. Vi fortset det gode arbeidet for kundane vår og strevar til einkvar tid å gjere kundane våre enda meir fornøgd.
 

 

Dette er Norsk Kundebarometer

Norsk Kundebarometer er eit forskingsprogram som blir gjennomført av Handelshøyskolen BI. Forskingsprosjektet Norsk Kundebarometer ved Handelshøyskolen BI har i over tjue år målt kundevelvære og lojalitet blant norske forbrukarar for å synleggjere kva bedrifter som har dei mest og (minst fornøgde) kundane i landet. Målinga blir gjord blant 150 verksemder for 30 ulike bransjar.