Dei fleste av oss ønskjer eit liv der økonomiske bekymringar ikkje fargelegg kvardagen. Derfor meiner vi at sparing er den beste ideen i verda. Anten du planlegg ein 50 årsfeiring, eller drøymer om hytte, bil, båt, kunst på veggen, eller noko så enkelt som ei ottelaus pensjonisttilværa. Vala er mange, men løysinga byrjar med å setje av litt pengar kvar månad, allereie i dag. 

Mange søkjer tryggleik for seg og sine i dag, i morgon og i tida som kjem. Eit godt tips er derfor å ta i bruk nokre av årets feriepengar til å skapa ein økonomisk tryggleik og føreseie for deg og dine, enten du er i jobb, er permittert eller er arbeidsledig. Vi i lokalbanken hjelper deg gjerne med den økonomiske planlegginga di, anten du ønskjer å gjera dette digitalt eller ved hjelp frå ein av dei dyktige rådgivarane våre. Du vel!

Kanskje dei har rett dei som hevdar at det beste tidspunktet for endring er alltid no! Vi tilrår derfor at du bruker dette høvet til å gjera nokre enkle justeringar, anten du ønskjer å kome i gang med sparing eller du ønskjer å auka sparinga di, før du tar deg ein velfortent sommarferie. 

 

Vi har samla nokre tips som vi håpar kan vera nyttige for deg som er så heldig å ha fått årets feriepengar. 

Betal ned dyre smålån, kredittkortrekningar og betal rekningar som forfell snart

  • Det er alltid lurt å betale ned dyr gjeld først. Betal derfor tilbake dyre smålån og uteståande kredittkortrekningar. Då kan du spara mykje i rentekostnader kvar månad.
  • Få oversikt over kva rekningar som kjem og betal dei med ein gong. 

Betal eventuell baksmell på skatten

  • Viss du har fått baksmell på skatten kan nokre av feriepengane nyttast til å betale denne. Betaling av baksmell kan for mange vera eit ekstra stort innhugg i kvardagsøkonomien, og derfor kan feriepengane ofte kome godt med når dette skal betalast.

Opprett ein bufferkonto 

  • Sett av pengar på ein eigen konto, ein såkalla bufferkonto. På denne måten har du pengar i bakhand viss du skulle trengje litt ekstra ved eit seinare høve, og hald fram med å setja inn pengar utover hausten. Set opp eit automatisk trekk, gjerne på same dag som du får lønn. Då slepp du å bli freista til å bruka pengane på noko anna i staden. Les meir om bufferkonto her

Fyll opp BSU kontoen din viss du er 33 år eller yngre

  • Du kan spara så mykje som 25.000 kroner i året og få opptil 5.000 kroner i skattefrådrag kvart år. Les meir om BSU her 

Opprett eit sparemål

  • Anten du sparar til eiga leilegheit eller til pensjon, er det ingen løyndom at det er enklare å lykkast med sparing viss du har satt deg eit sparemål. Opprett ein spareavtale for fondssparing, då går sparinga av seg sjølv og du har éin mindre ting å hugsa på. Kom i gang med sparinga her.  
  • Bankrenta er for tida låg, og ho kjem mest sannsynleg til å bli verande det ei god stund framover. Viss du ikkje har spart i fond tidlegare kan dette vera eit godt høve til å byrje. Du treng ingen forkunnskapar og du treng ikkje å spara så mykje. Nokre hundrelappar kvar månad er nok. Det viktigaste er å kome i gang.  

Sist, men ikkje minst; Ta deg ein velfortent ferie

Det er viktig å lada batteria, så ferie bør du ta viss du har høve til det.  Kva med å lage eit feriebudsjett og samtidig få ei betre oversikt over kva du brukar pengar på kvar månad? Viss du blir kjent med ditt eige forbruk, vil det vera lettare for deg å spara litt pengar i det daglege når kvardagen er tilbake igjen. Gode tips til Norgesferie finn du her