– Fondssparing er ei slik gåve, seier Christian Vestengen. Han er pappaen til Sebastian (8) og Victoria (6) og jobbar til dagleg som Senior Marknadsansvarleg i Eika Kapitalforvaltning. 

– Med Smartspar er sparegåva berre eit par tastetrykk unna. Perfekt for meg som vil at barna til slekt og venner skal få noko verdifullt, samtidig som det har ei større meining.  

Christian er fullt klar over at han som jobbar med dette har ekstra godt anlegg for sparing, men er sikker på at langt fleire kjem i gang no som det har blitt så enkelt. – For meg handler det om kva dette kan bli til. Eg vil heller gi ei gåve som veks over tid, som kan bli til noko fadderbarnet ønskjer seg i framtida. Det hadde vore kult om ei bursdags- eller julegåve eg ga til nevøen min ein gong i framtida hadde blitt til noko mykje meir: Ein sykkel, bil, hjelp til førarkort eller noko anna han ønskjer seg.

Smartspar – godt for den som gir og den som får

Eit slikt tilskot til framtida til barnet vil opplevast godt, både for den som gir og den som får. Overgangen til vaksenlivet er ofte brå nok, og ein økonomisk kickstart kan gi eit vesentleg armslag på vegen inn i etableringa. Om det er bil eller bustadkjøp som er målet, er det heilt sikkert at årlege bidrag frå familien rundt kan gjera underverk. Sjølv om 300 kroner frå onkel her og 500 kroner frå bestemor der ikkje verkar å vera all verden, skal du sjå at slike bursdags- og julegåver verkeleg kan bli noko stort.

Gi ei gåve og start eiga sparing med Smartspar

I Smartspar kan du enkelt gi ei gåve til barn du bryr deg om. Det første du gjer er å lasta ned Smartspar-appen. Deretter fortel du éin av foreldra til barnet som skal feirast at du ønskjer å spare til deira håpefulle. Så snart den eine av foreldra har lasta ned appen og starta eit sparefond til barnet, kan du overføre det ønskte sparebeløpet – når du måtte ønskje.

Last ned SmartSpar og kom i gang

– Sparing er verkeleg verdas beste idé, og eg hadde ikkje gjort det sjølv, om eg ikkje hadde hatt trua på det. 

De som er rundt, kan utgjera ein stor skilnad

Christian er ein grundig fagmann som lever av å hjelpa folk i å lukkast med sparemåla sine. Men tobarnsfaren er sikker på at det personlege engasjementet hans er ein vel så viktig pådrivar for å interessera seg for sparing.

– La oss ta eit reknedøme som verken er for optimistisk eller pessimistisk. Sei at begge foreldra, mormor og ei tante set inn 300,- kvar  til barnet sin bursdag. Det blir 1 200,- i året. Gjer dei det same til jul blir det 2 400,-. På 20 år blir det til saman 48 000,-. Med dagens rentesats, ventar vi at beløpet har auka til 63 137,-. Men i fond er det meir håp. Der vil 2 400,- sparte kroner kvart år bli 88 603,- på 20 år.

Det er kjærkomne kroner for den nyvaksne som treng egenkapital til den første bustaden sin. – Det er slike døme eg som pappa interesserer meg for, og det trur eg gjeld fleire enn meg, avsluttar Vestengen

Les òg: Gåva som veks med barnet ditt