Fakta om banken

Valle Sparebank vart stifta 24.mars 1866 og er ein liten, solid og sjølvstendig bank med hovudkontor i Valle, i hjarta av Setesdal. Banken har salskontor i Kristiansand. Bankens forvaltningskapital pr.31.12.15 er på 1.373 mill. kr, med ei solid kapitaldekning på 22,73% (styresmaktene sine krav er på 8%).

Det er for tida 16 tilsette i banken som utfører 14,05 årsverk. ( Ein tilsett for tida ute i permisjon til 1. september 2016)

Sjølv om me etter måten er ein liten sparebank, har me mange kundar over heile landet, mykje takka vere utflytta setesdølar. Me har og eit salskontor i Kristiansand, der 3 av våre tilsette har sin arbeidsstad. Av banktenester dekker me det meste, slik som innskot, utlån, kort, betalingsformidling, valuta, forsikringar, aksjehandel på internett og personleg økonomisk rådgjeving m.m. .

Saman med 74 andre norske sparebankar er Valle Sparebank medeigar i Eika-Gruppen AS.